Strengeplukk - plateslepp // Fjelly
Schedule
Wed, 26 Mar, 2025 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Borgundsvegen 536, 6888 | Voss, HO
Advertisement
Forvent deg høgt tempo, virtuositet, hjerte og smerte og ein god dose humor når Noregs råaste bluegrassband Strengeplukk kjem innom Fjelly i anledning releaseturnéen for si nye plate "Neste steg"!Strengeplukk oppstod i Stavanger i 2015. Sidan det har dei spelt hundrevis av konsertar i Noreg frå nord til sør og spelt på fleire festivaler rundt i Europa. Strengeplukk har fyrst og fremst vorte kjende for å kombinera bunnsolid bluegrasstradisjon med nordfjording og sognamaol, men med det nye albumet står også dialektar frå nord og aust på menyen.
“Neste steg” blei spelt inn på Nesbyen ei veke i april i 2024 i det den siste snøen på tunet til produsent Tor Magne Hallibakken var i ferd med å smelta bort. I takt med at meir og meir av bakken kom til syne la Strengeplukk ned spora til elleve nye låtar på det som er vorte ein av bandets mest varierte utgivingar til no. For fyrste gong har alle i bandet bidrege både som låtskrivarar og leadvokalistar. Albumet spenner frå eit progressivt, riffbasert bluegrass-epos basert på eit folkekjært dikt, til drikkeviser og kjærleikssongar som ærar musikalske tradisjoner til både tradisjonell og moderne bluegrass, samt country og bygderock. Dette er også første albumutgiving med bandets nye medlem Mikael Jonassen på banjo.
Dette vert KJEKT!
Strengeplukk er:
Nikolai Storevik - fele, vokal
Andreas Barsnes Onarheim - mandolin, vokal
Mikael Jonassen - banjo, vokal
Jakob Folke Ossum - gitar, vokal
Vidar Starheimsæter - kontrabass, vokal
Billettar hjå TicketCo https://fjelly.ticketco.events/no/nb/e/konsert_med_strengeplukk eller med Vipps i døre kr 200,-
Advertisement
Where is it happening?
Borgundsvegen 536, 6888, Borgundsvegen 536, 6888 Lærdal, Norge,Lærdal, Voss, NorwayEvent Location & Nearby Stays: