Oscar Danielson
Schedule
Sat, 08 Feb, 2025 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norway | Voss, HO
Advertisement
Mmm, for ein finfin laurdagskveld det blir! Kabuso har invitert Oscar Danielson til å halda konsert 8. februar kl 19.Billettslepp: Fredag 25.oktober kl 9
Danielson (vokal/gitar) er sin eigen sjanger og vert av mange rekna som Sveriges beste tekstforfattar.
Etter albumet Stockholm i mitt hjärta (2011) med låta Besvärjelse har han fått eit stadig større publikum – og turnert flittig i heile Skandinavia.
I november 2014 varma han opp for Bjørn Eidsvåg i eit fullsett Oslo Spektrum – og det er langt mellom dei gongane 9000 mennesker er så intenst lyttande som då.
Kort tid etter opptredde han på NRK-programmet Lindmo og igjen både begeistret og fascinerte låtuniverset til Danielson det norske folk.
No kjem den Stockholm-fødde 52-åringen tilbake til oss med eit show som framkallar latter så vel som tårer. Temaet er – sjølvsagt – kvinner.
Det er songar om kjærleik, fulle av alvor og djupt menneskelege observasjonar, krydra med humoren som kjenneteiknar musikaren.Eva Weel Skram har elles gjort ein versjon av låta Besvärjelse med norsk tekst; Vi Lovar.
Bill 325,- (sjå lenke)
Advertisement
Where is it happening?
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norway, Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norge,Øystese, Voss, NorwayEvent Location & Nearby Stays: