KONSERT MED ROBERT VINCENT
Schedule
Sat Feb 15 2025 at 09:00 pm to 10:30 pm
UTC+01:00Location
Strand Fjordhotel | Voss, HO
Advertisement
Robert Vincent er rekna som ein av dei absolutt beste americanaartistane i Storbritannia dei siste åra. Noko som vert vist att ved at han i desember 2024 vart nominert til Årets Artist og Årets låt av Americana Music Association UK. I Februar 2025 gjer han sin aller fyrste Noregsturne og me er kjempestolte av at han kjem på besøk til Ulvik!
Nominasjonane til Americana Music Association UK er berre siste hakk i skjeftet i eit fantastisk år for Vincent. Sjølvaste Robert Plant er ein sjølverklært fan, han valgte Robert Vincent ut som support på 8 av sine konsertar på turne i Europa. I september 2024 opptrådte Robert på ein offisiell showcase på AmericanaFest i Nashville.
Songeren/låtskrivaren fra Liverpool ga ut sitt fjerde studioalbum "Barriers" i juni 2024 til strålande kritikkar. Albumet tilbrakte fleire veker på Country Music Charts mellom Beyoncé og Taylor Swift,
og topp 10 på både Independent Album Chart og Record Store
Chart
Kritikarane har vore over seg av begeistring:
"He is now recognised as one of the UK’s best songwriters irrespective of genre#-Americana UK
"Robert has transcended that [Americana] genre and is now a Singer/Songwriter...without actual musical barriers"-
Rocking Magpie
"The moment he started to sing I knew that this was something special". - Bob Harris OBE (BBC Radio 2)
Det er Vincents kraftfulle og sjelfulle stemme som stadig har tiltrekt seg tilhengarar som Bob Harris, Paul Carrack og Mary Chapin Carpenter.
I 2016 tildelte Harris Robert prisen for "Emerging Artist" på det fyrste UK Americana Awards-showet og beskreiv Vincent som "absolutt magisk og den ekte vara".
I 2020 vant Roberts tredje LP, den kritikarroste "In This Town You're Owned" Americana Music Association UK
Album Of The Year for 2021, og Robert sjølv vart tildelt Artist of The Year. Albumet nådde også nummer 2 på UK Americana Charts, og American Songwriter Magazine kåra "In this Town You're Owned" til ein av de 20 beste albuma (alle sjangre) i 2020.
Robert Vincent fortset å begeistra både publikum og kritikarar, og viser sin allsidigheit både som soloartist og med fullt band. Tidligare bemerkelsesverdige opptredenar inkluderer 2023 Celtic Connections på Glasgow Theatre Royal med Mary Chapin
Carpenter, støtte for Roger Waters i Hyde Park, turneer med Robert Plant, Paul Carrack og Duane Eddy.
Advertisement
Where is it happening?
Strand Fjordhotel, Tyssevikvegen 31, 5730 Ulvik, Norge,Ulvik, Norway, VossEvent Location & Nearby Stays: