Jonas Fjeld - Gamlekinoen
Schedule
Fri, 28 Mar, 2025 at 08:00 pm
UTC+01:00Location
Gamlekinoen | Voss, HO
Advertisement
Jonas Fjeld returnerar til Gamlekinoen i 2025!Engler i snøen er ikkje alt her i livet, men for mange av oss betyr biletet av dei orda noko spesielt. Det er tydeleg at det er slik for Jonas Fjeld, sidan «Engler i snøen» er den songen han aldri kan utelate frå ein konsert. Songen og kjenslene i låta har det norske folket trykt til sitt bryst og kåra til den tredje beste norske låta gjennom tidene. Berre slått av ein viss internasjonal «Take on me» og ein trøndersk «Lys og varme». Jonas Fjeld har mottatt ei rekkje prisar, blant anna spellemannsprisen fleire gonger.
Men Jonas Fjeld er så mykje meir. Jonas Fjeld har over eit langt liv som bandleiar, låtskrivar og omreisande musikar vore ein av våre mest erfarne og respekterte artistar. Oppriktigheita hans, at handverket er reine kjensler og strippa for fakter og fjas, har gjort at mange set Jonas Fjeld på lista over sine mest folkekjære artistar. Utad ein sjenert fyr frå Drammen, ein som trivst best i skuggefulle parti og helst med ein kald Aass øl i handa. Men gje han ein gitar og ein mikrofon så veks sjølvbiletet som ei tordensky. For å seie det med ei litt heldig omskriving av ei av hans låtar.
Skaparen var i godlune den dagen han skapte stemma til denne guten frå eit utprega arbeidarsamfunn nær Drammens hamn. Ikkje åleine om å ha ei mektig og djup stemme kanskje, men med den varmen og roa som omfamnar deg. Me seier ikkje meir, men har tenkt tanken om at dei rett og slett ikkje lagar artistar som dette lenger. Det vil vere feil å bruke ord som verneverdig, men det er ein grunn til at han er så folkekjær, og for at Ole Paus aldri har veket langt frå hans side. Ein Ole Paus som sette si eiga karriere på spel for å tvinge EMI til å gje ut Fjelds fyrste norskspråklege plate «Svært Nok For Meg» i 1989. Eit ultimatum som gav oss «Engler i snøen».
Jonas Fjeld har kome dit han er, som ein av folket sine favorittar, gjennom å turnere Noreg på kryss og tvers i snart 50 år. Det gleder spesielt å sjå at han, som Johnny Cash, brukar alderen og erfaringa, og eit frodig band, til stadig å gjere seg aktuell og vanskeleg å koma utanom. Det er jo det livet handlar om. Å finne fram til det tidlause i ein song som publikum aldri vil leggja vekk, som rørar. Som han har gjort med «Engler i snøen», «Tordensky» og «Drammen i regn», eller på engelsk med «When morning comes to America» som han gjorde saman med Eric Andersen og Rick Danko frå The Band på 90-talet, for å ta eit lite utval. Ein hardt arbeidande turné-artist som med enkle fakter, ein usliteleg kjærleik til låtskrivar-tradisjonen og ei jovial utstråling lett kan beskrivast med eitt einaste ord: ekte.
Advertisement
Where is it happening?
Gamlekinoen, Skulegata 14, 5700 Voss, Norge,Voss, NorwayEvent Location & Nearby Stays: