Operahistorien på 60 minutter (hvis vi rekker det)

Schedule

Thu, 06 Mar, 2025 at 06:00 pm

UTC+01:00

Location

Lærdal kulturhus | Voss, HO

Advertisement
Velkomen til eit operashow du aldri har sett maken til!
Me tek deg gjennom 400 år med operahistorie på kun 60 minuttar (om me rekk det). Vi har plukka ut alle operagodbitane, og laga ei framsyning som skal få DEG til å elske opera. Kanskje plukkar du opp nokre nye opera fun-facts, om du allereie er ein operanerd?
Operahistorien på 60 minutter (hvis vi rekker det) er ei humoristisk førestilling som tek for seg heile operahistoria på 60 minuttar. Med framsyninga ynskjer vi å vise at operaformen famnar mykje meir enn berre Carmen og O mio babbino caro, og at kunstformen opera på alle måtar framleis er høgaktuell. Ved å framføre høgdepunkt frå heile operahistoria inviterar me publikum til å oppleve opera på sitt beste, i ei uformell og humoristisk ramme.
Førestillinga tek publikum på ei reise frå Monteverdi på 1600-talet til kjende komponistar som Mozart, Verdi, Puccini, Wagner og dagsaktuelle Henning Sommero. Operasjangeren vert vist frå si beste side, og utøvarane tek musikken på fullt alvor, sjølv om framsyninga er full av humor. Publikum vert leia av ei forteljarstemme som set det heile i eit historisk perspektiv, og med saumlause overgangar sys det heile saman med ein humoristisk tone. Sangarane delar på forteljarrolla undervegs, og med eit stramt tidsskjema vert mange av dei musikalske utdraga presentert i korte utdrag eller snuttar, medan andre høgdepunkt vert presentert i si heilheit.
Operahistorien på 60 minutter er regissert av Bjørn Sæter og skreddarsydd for det uerfarne publikum - sjølv om den også passer godt for dei meir operainteresserte. Med flotte kostymer og enkel scenografi vert operahistoria presentert på ein lettfatteleg måte, utan andre hjelpemiddel enn eit flygel.
Det unike med akustisk operasang kan heldigvis også opplevast i eit kortare og meir tilgjengeleg format enn lange operaframsyningar med dyre billettar!
Opera lenge leve!
Om ensemblet:
Regissør: Bjørn Sæter
Pianist: Stefan Ibsen Zlatanos
Hanne Korsbrekke Askeland (sopran)
Sara Aasen (sopran)
Dagfinn Andersen (baryton)
Knut Kristian Mohn (tenor)
Bjørn Sæter er ein erfaren teaterregissør. Han har også regissert fleire musikalar, blant anna den kritikarroste Les Misérables ved Trøndelag Teater (2006), samt operaen Tryllefløyten for Opera Sør (2012).
Stefan Ibsen Zlatanos har si utdanning frå Norges Musikkhøgskole og Hans Eisler Hochschule für Musik Berlin.
Dei fire songarane har alle utdanning frå blant anna Operahøgskolen, og har brei erfaring innanfor musikk- og scenekunst.
Stad: Lærdal kulturhus
Dato og tid: Torsdag 6. mars 2025 kl. 18:00
Framsyningslengde: 1 time (ingen pause)
Billettprisar:
Ordinær: kr 200,-
Student / Under 18 år: kr 100,-
https://laerdalkulturhus.ticketco.events/no/nb/e/operahistorien_paa_60_minutter_hvis_vi_rekker_det
Foto: Erika Hebbert
Advertisement

Where is it happening?

Lærdal kulturhus, Øyraplassen 14,Lærdalsøyri, Voss, Norway

Event Location & Nearby Stays:

L\u00e6rdal kulturhus

Host or Publisher Lærdal kulturhus

It's more fun with friends. Share with friends

Discover More Events in Voss

Kvilepuls (Sjukehusrevyen 2025)
Fri, 07 Mar, 2025 at 06:00 pm Kvilepuls (Sjukehusrevyen 2025)

Voss Gamle Kino

Voss Skisession 2025
Fri, 07 Mar, 2025 at 06:00 pm Voss Skisession 2025

Store Ringheim hotell & restaurant

Kvammasprinten 2025
Sat, 08 Mar, 2025 at 12:00 pm Kvammasprinten 2025

Sjusetevegen 500, 5600 Norheimsund, Norway

WORKSHOPS
Afterski - Joachim J\u00f8lle
Sat, 08 Mar, 2025 at 03:00 pm Afterski - Joachim Jølle

Havsdalskroa

ART
Sarah Jory and The New Sweethearts band
Sat, 08 Feb, 2025 at 06:00 pm Sarah Jory and The New Sweethearts band

Smia Pub

MUSIC ENTERTAINMENT
Open mikrofon\/jam
Sat, 08 Feb, 2025 at 08:00 pm Open mikrofon/jam

Gamlekinoen

MUSIC ENTERTAINMENT
THE RED BARN
Wed, 12 Feb, 2025 at 08:00 pm THE RED BARN

Gamlekinoen

MUSIC ENTERTAINMENT
Konsert med Robert Vincent (UK)
Fri, 14 Feb, 2025 at 08:00 pm Konsert med Robert Vincent (UK)

Vangsgata 28, 5700 Vossavangen, Norway

CONCERTS ART
KONSERT MED ROBERT VINCENT
Sat, 15 Feb, 2025 at 09:00 pm KONSERT MED ROBERT VINCENT

Strand Fjordhotel

ART CONCERTS
UTSELD Sigvart Dagsland
Sun, 16 Feb, 2025 at 06:00 pm UTSELD Sigvart Dagsland

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norway

MUSIC ENTERTAINMENT
Konsert med Good Time Charlie
Fri, 28 Feb, 2025 at 07:00 pm Konsert med Good Time Charlie

Borgundsvegen 536, 6888

CONCERTS MUSIC
Operahistorien p\u00e5 60 minutter (hvis vi rekker det)
Thu, 06 Mar, 2025 at 06:00 pm Operahistorien på 60 minutter (hvis vi rekker det)

Lærdal kulturhus

MUSIC ENTERTAINMENT
ADAM DOUGLAS "verdens minste st\u00f8rste band"
Sat, 08 Mar, 2025 at 07:00 pm ADAM DOUGLAS "verdens minste største band"

Evangervegen 6, 5700 Vossavangen, Norway

CONCERTS MUSIC
Karl Bjor\u00e5 med band
Sun, 16 Mar, 2025 at 06:00 pm Karl Bjorå med band

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norway

MUSIC ENTERTAINMENT
JEPPE ZEEBERG - SOLO
Wed, 26 Mar, 2025 at 08:00 pm JEPPE ZEEBERG - SOLO

Gamlekinoen

MUSIC ENTERTAINMENT
Jonas Fjeld - Gamlekinoen
Fri, 28 Mar, 2025 at 08:00 pm Jonas Fjeld - Gamlekinoen

Gamlekinoen

MUSIC ENTERTAINMENT
Bavallen Grand Prix - fullteikna
Sat, 29 Mar, 2025 at 07:00 am Bavallen Grand Prix - fullteikna

Voss Resort Bavallen

MUSIC ENTERTAINMENT
VOSSA JAZZ \/\/ Jacob Young Trio
Fri, 11 Apr, 2025 at 04:00 pm VOSSA JAZZ // Jacob Young Trio

Voss Sparebank

MUSIC ENTERTAINMENT
VOSSA JAZZ \/\/ Opningskonsert - Maria Kannegaard Trio
Fri, 11 Apr, 2025 at 06:00 pm VOSSA JAZZ // Opningskonsert - Maria Kannegaard Trio

Vossa Jazz

MUSIC ENTERTAINMENT
VOSSA JAZZ \/\/ Amanda Bergman
Fri, 11 Apr, 2025 at 08:30 pm VOSSA JAZZ // Amanda Bergman

Gamlekinoen

MUSIC ENTERTAINMENT

What's Happening Next in Voss?

Discover Voss Events