Bavallen Grand Prix - fullteikna
Schedule
Sat, 29 Mar, 2025 at 07:00 am
UTC+01:00Location
Voss Resort Bavallen | Voss, HO
Advertisement
Lagkonkurranse i anlegget før opningstid.Me gjentek suksessen og 29. mars 2025 er det igjen klart for Bavallen Grand Prix (alle laga er no fullteikna) ✨
Bavallen Grand Prix er ein lagkonkurranse med tre deltakarar på kvart lag. Traséen er lagt gjennom heile anlegget og konkurransen gjennomføres om morgonen før opningstid. Målet er å ta seg raskast mogleg gjennom løypa og alle tre deltakarar må vera over målstrekken før tida vert stoppa. I tillegg har me og ei “idealtid”, så sjølv om du ikkje er det raskaste laget, så er det framleis mogleg å vinne. 🤟
Alle kan vera med så lenge ein er over 15 år. I Bavallen Grand Prix stiller alt frå vener, bedrifter og familier til start. For nokre er konkurransen blodig alvor, medan andre er med berre for å ha det kjekt! 👊
Mange flotte premiar, i tillegg til to flotte vandrepokalar. 🏆
Billetter til afterski og VIP-bord 💃🏼🕺
I år vert afterski for Bavallen Grand Prix på Hangurstoppen Restaurant. Denne kvelden kjem SkiBarBula-band og lager ekte god stemning for oss! Siste gondol ned er kl. 22:30.
MERK ⚠️‼️ I år må du kjøpa billett for å vera med på afterski under Bavallen Grand Prix (NB! dette gjeld IKKJE dei som allereie har betalt deltakaravgift – der er afterskibillett inkludert). Det er begrensa antal plasser, så ver tidleg ute for å sikre deg plass 🤩 Det vert og mogleg å kjøpe VIP-bord på afterskien.
👉 Billett til Bavallen Grand Prix afterski: kr 150,-. Kjøpes her: bit.ly/4h33cpR
Treng du gondolbillett i tillegg (for deg som ikkje har skikort), så får du kjøpt det til redusert pris her: bit.ly/4h1EYfS
👉 VIP-bord: kr 5000,- for bordet. Opptil 10 pers. Ein må vera tilstades mellom 15:45 og 16:00 for å få bordet. Det er 4 bord tilgjengeleg - desse har beste plassering i lokalet, ved baren. Ingen krav til minimum spend. Afterskibillett må kjøpast i tillegg (gjeld dei som ikkje er deltakarar). Bestill her: https://booking.vossresort.no/n/bestill/se-gjore/2689551/kjøp-skikort/showdetails
Billettar til Bavallen Grand Prix afterski og VIP-bord sleppes onsdag 22. januar kl. 11:00!
Meir detaljert program kjem 😄
Advertisement
Where is it happening?
Voss Resort Bavallen, Bavallstunet 152, 5710 Skulestadmo, Norge,Vossevangen, Voss, NorwayEvent Location & Nearby Stays: