Opning: Simone Hooymans + Carl Martin Hansen
Schedule
Sat, 08 Feb, 2025 at 02:00 pm
UTC+01:00Location
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norway | Voss, HO
Advertisement
Vel møtt til opning av to nye utstillingar laurdag 8. februar kl 14!Hovudutstilling: Simone Hooymans
Foajè: Carl Martin Hansen
Ordførar i Kvam, Torgeir Næss opnar utstillingane.
Samtale mellom Kabuso og Simone Hooymans.
Forfriskingar.
Open kafe mellom kl. 12-19
Andre arrangement i Kabuso same dag
17.00: Open visning i Hardanger Skyspace
19. Konsert: Oscar Danielson (eigen billett)
Om utstillingane:
Eternity in a Moment
Simone Hooymans
Simone Hooymans si utstilling har hovudvekt på animasjonsfilm og teikningar. I verka sine utforskar ho forbindelsen mellom natur og menneske og korleis dei ulike røyndene møter kvarandre. Hennar kunstnarlege verd inneheld ein stor variasjon av skapningar som rører seg i ei verd av planter, isbrear, fjell, vatn og stjerneklåre himlar. Det er ei verd der katastrofar er forkledde, pakka inn i teikninga si venleik og fargane sine vibrerande tonar. Men det er òg ei verd der ras og skjelv opnar for gjenvekst, med nye skapningar som får plass der gamle strukturar har kollapsa og forsvunne. Musikk spelar ei viktig rolle i filmane hennar, laga av mellom andre Terje Isungset og Mari Kvien Brunvoll.
Dagbok frå Kvinnherad
Carl Martin Hansen
Carl-Martin Hansen viser i same periode teikningar i foajeen. Dei er impresjonistiske studiar av landskap og er resultat av eit arbeidsopphald i Kvinnherad, Hardanger, somrane 2023-24.
Utstillingane står i Kabuso til 4.mai.
Advertisement
Where is it happening?
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norway, Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norge,Øystese, Voss, NorwayEvent Location & Nearby Stays: