Sigrid Moldestad & band
Advertisement
Sigrid Moldestad med band – Vegane vi vandrar. Kjem endelig heim til storstova i heim-kommunen Gloppen!!
Sigrid Moldestad sleppte sitt niande soloalbum, Vegane vi vandrar, 6. mars 2026. Etter ein særs vellukka releaseturné er ho og bandet klare for nye konsertar denne hausten – med eit repertoar som spenner frå dei heilt ferske songane til publikum sine favorittar frå ein lang og prisvinnande karriere.
Med Vegane vi vandrar har Moldestad skapt det mange omtalar som hennar mest personlege og ærlege album sidan solodebuten Taus frå 2007 – plata som gav henne Spellemannprisen.
På det nye albumet vender ho blikket innover. Songane handlar om kjærleik som går skeis, om barna som flyttar ut, om frykta for å miste dei som står oss nærast, om lengten etter røter – og angsten for å gro fast. Resultatet er ei varm, klok og livsnær plate som hyllar livet i all si skjøre og uperfekte prakt.
Sjølv oppsummerer ho bodskapen slik:
«Det korte livet som vi har bør ikkje sløsast bort med skam.»
På scena får desse songane nytt liv saman med eit samspelt og strålande band. Publikum kan vente seg sterke musikalske møte, gripande historier, glimt av humor og ei konsertoppleving fylt av både kraft, nærleik og speleglede. Her blir nye songar frå Vegane vi vandrar fletta saman med høgdepunkt frå heile katalogen – framført av eit band med stort scenisk overskot og eit uttrykk som rører, løftar og engasjerer.
Velkomen til konsert i Trivselshagen på Sandane 25.september.

Where is it happening?
Trivselshagen, Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norge, Stryn, Norway
Event Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Host or PublisherSigrid Moldestad Music