Senioruniversitetet: Sallie Anna Pisera

Schedule

Wed, 25 Nov, 2026 at 11:30 am

UTC+01:00
Location

Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norway | Stryn, SF

Advertisement
Spelemenn og sognekjerringar: underhalding i det norske Amerika.
Museumsleiaren ved Sunnfjord Museum, Sallie Anna Pisera, presenterer utvandringa frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn til USA og Canada gjennom historier om norsk-amerikanske musikarar og komikarar med bakgrunn i gamle Sogn og Fjordane fylke. Du møter komikarar som underheldt publikum i norske samfunn i storbyane Chicago og Minneapolis, og du fer heile vegen til Stillhavkysten for å bli kjent med felespelarar og dansarar som tok musikken med seg på sine reiser. Utvandrarar som reiste på 1800- og 1900-talet arbeidde hardt for å klare seg i dei nye heimane sine og etablere seg i nye samfunn. Men korleis slappa dei av etter lange dagar på farmen eller i fabrikken? Korleis takla dei med humør utfordringane dei møtte med ukjent språk og skikkar? Kva fekk utvandrarane til å spele og synge, danse og le – og korleis kan slike innsikter hjelpe oss å forstå utvikling av innvandrarsamfunn i fortida og i notida? Slike spørsmål skal vi undersøkje i dette føredraget i senioruniversitetet onsdag 28. oktober.
Advertisement

Where is it happening?

Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norway, Firdavegen 21, 6823 Sandane, Norge, Stryn, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Trivselshagen
Host or PublisherTrivselshagen

Ask AI if this event suits you