Babettes Gjestebod på Gloppen Hotell

Schedule

Sat, 26 Sep, 2026 at 05:30 pm

UTC+02:00
Location

Gloppen Hotell | Stryn, SF

Advertisement
📅 Laurdag 26. september 2026
🕠 Kl. 17.30
📍 Gloppen Hotell
Éin kveld som opnar sansane. Opplev seks rettar inspirerte av Karen Blixen si verdskjende novelle, levande musikk, litteratur og ekte gjestfridom i dei historiske omgjevnadene på Gloppen Hotell.
Bli med på ei sanseleg reise gjennom mat, musikk og forteljing – der smak, kultur og historie smeltar saman til ei heilt spesiell oppleving. Nytt av året er fornya smakar, meir synleg musikk og nye litterære innslag. Arrangementet blir rekna som sjølve finalen på Matamål 2026, og kapasiteten er avgrensa.

Program:
✨ 17.30 – Velkomen og visning av filmen Babettes gjestebud
✨ Pause med aperitiff
✨ Deretter blir det servert ein eksklusiv 6-retters meny med 5 glas drikkepakke (med eller utan alkohol), inspirert av det legendariske måltidet i Karen Blixen si novelle.
Gjennom kvelden blir det levande musikk, forteljingar og litterære innslag som løftar opplevinga endå eit hakk.
Medverkande:
🎤 Konferansierar: Anne Mette Hjelle og Margrethe Henden Aaraas, som for fjerde året på rad leier oss gjennom kvelden med varme, humor og engasjement.
🎻 Musikk: Øyvind Lyslo og Arne Henden Aaraas – to musikarar med hjarte og røter på Sandane, som skaper ei musikalsk ramme prega av varme, virtuositet og nærleik.
📖 Litterære innslag: Ove Eide deler si store kunnskap om Karen Blixen og historia bak Babettes gjestebud.
Ei historie om matglede og gjestfridom:
I Karen Blixen si novelle bruker Babette heile gevinsten frå eit lotteri på å lage eit overdådig festmåltid for ei lita bygd. Måltidet blir ei feiring av livet, kokkekunsten og fellesskapet – og viser korleis god mat kan skape forsoning, glede og varme mellom menneske.
Denne kvelden ønskjer vi å gjenskape noko av den same magien. Hotellet sitt kjøkken serverer ein meny inspirert av originalen frå 1800-talets Paris, med moderne tilpassingar og dei beste råvarene. Samtidig tek historia oss tilbake til den tida då Gloppen Hotell vart etablert.
🍴 Kveldens meny
• Kalvekalsomme med små kjøtbollar og grava lokal eggeplomme
• Blinis med kaviar, rømme og løk
• Perlehøne på butterdeig
• Salat med rosiner og valnøtter
• Baba au rhum
• Ostar og frukt
Pris
Kr 2 195 per person, inkludert 6-retters middag og drikkepakke (med eller utan alkohol).
Overnattingstilbod:
• Kr 795 per person i dobbeltrom (to personar)
• Enkeltrom: kr 1 195
🎟️ Bestill billett og overnatting no – avgrensa tal plassar.
Sjå bilettlenke.
Velkomen til ein kveld fylt med smak, musikk, historier og gjestfridom – ei oppleving du vil hugse lenge.
Advertisement

Where is it happening?

Gloppen Hotell, Sørstrandsvegen 16, 6823 Sandane, Norge, Stryn, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Gloppen Hotell
Host or PublisherGloppen Hotell

Ask AI if this event suits you