Konserten Etter Ferdasvegen

Schedule

Wed, 09 Sep, 2026 at 07:00 pm

UTC+02:00
Location

Vigdalen 291, 6868 Gaupne | Stryn, SF

Advertisement
Etter Ferdasvegen - Øystein Rudi og Geir Marius Thorud
To av landets mest leikne spelmenn tek deg med på ei musikalsk reise – med drivande slåttar, gode historier og godt humør.
Onsdag 9. september kl. 19.00.
Bill. kr. 250,- Vipps til 91625770 (Erling Bjørn)
Me serverar kaffi og kake frå 18.30
- Etter ferdasvegen….
Spelmenn har alltid reist. Ein lyt vera der publikum er. Og der impulsar finst.
For snart 200 år sidan var Fel-Jakup som gutunge med i følgjet til Karl Fant i to heile år. Låtar og spelmannskunne vart utveksla mellom folk og distrikt.
Rett opp for garden til Øystein, på austsida av Gudbrandsdalen, heiter det Rørosvadet. Det var der lasskjørarane vada over elva på tur til Røros. Før jernbanen si tid var lasskøyringa storindustri, og meir enn 1000 lass gjekk aust over fjellet kvar vinter. Til Røros kom også svenske forbønder, og spelmenn møttest frå båe kantar. I nyare tid er denne tradisjonen teke opp att, og Røros er stadig sentrum for byte av slåttar mellom spelemenn frå ulike kantar.
«Du må rese nå…..» Det var diktaren Johan Falkberget som sa dette til den unge Sven Nyhus. Og Sven reiste, skaffa seg kunnskap, og han reiste sitt monument over Rørosmusikken.
Sjølve har vi fått vera spelmenn etter ferdasvegen i årevis. Det er ei glede å reise med musikk og historier, som har bakgrunn i kjenskap og venskap med spelmenn vidt omkring. Det har gjort våre spelmannsliv meir innhaldsrike. Musikken kjenner ikkje riksgrenser, og å reise utvidar horisonten.
Vi håper du får ei god stund med spelmannsmusikk etter ferdasvegen. Låtar til dans og låtar til å høyre på. Usigeleg vakre mollstemte polskor i gyngande samspel i varme sommarnatta – har du opplevd det gløymer du det aldri!

Helsing Geir Marius Thorud og Øystein Rudi

Om spelmennene
Geir Marius Thorud er spelmann og tradisjonsbærar, gardsarbeider, allsidig handverkar og hestekøyrar. Han spelar med mange, og som sosial allspelar både på torader, trekkspel og kontrabass har han kompisar i musikk over heile Norden. Midtvinters har han i mange år vore med når Fron Lasskøyrarlag tek turen, 11 dagar gjennom Rondane og Østerdalen til Røros med hest og slede. Trekkspelet er med på lasset da også.
Øystein Rudi er spelmann og kulturgardbrukar på Rudi Gard, med arrangement og levande kulturformidling som hovudsyssel. Han var med i ungdomsgjengen som vart til Sør-Fron Spelemannslag sist på 1970-talet, og var leiar laget frå 1985 til 1995. Han har vunne Landskappleiken tre gonger, og har fire Spellemannsprisar i lag med gode spelkompisar. I seks år var han direktør for Gudbrandsdalsmusea, ved sida av musikk og gardsdrift.
Advertisement

Where is it happening?

Vigdalen 291, 6868 Gaupne, Vigdalen 291, 6868 Gaupne, Norge, Stryn, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.

Ask AI if this event suits you