Torn & Rose i Eventyrland | Nynorskhuset, Førde
Schedule
Fri Apr 25 2025 at 04:00 pm to 05:10 pm
UTC+02:00Location
Storehagen 10, 6800 Førde, Norway | Førde, SF
Advertisement
Krise! Eventyrland har begynt å miste magien sin, og det er like før det er snipp snapp snute for alle dei underfulle skapningane som bur i landet bortom stjernestøvet.For å vekke opp att folk sin kjærleik for eventyr inviterer Torn og Rose publikum til omvising i Eventyrland for aller første gong!
Etterkommarane etter ein av Eventyrlands mest kjende dronningar har planlagt ein morosam og actionfylt dag i Torneroseslottet, men underlege ting begynner å skje. Saman med publikum må Torn og Rose kjempe sitt livs kamp for å redde Eventyrland.
På vegen støyter dei på gode feer, alvedronningar og magiske havskapningar – og kanskje til og med ein heilt levande drake?
Dei eldste teatertriksa i boka blir blanda med den aller nyaste teknologien for å gi publikum ei teateroppleving Europa aldri har sett maken til. Trur du ikkje på drakar og feer frå før, kjem du garantert til å gjere det når framsyninga er ferdig!
Passer for alle modige eventyrarar frå 6 til 100 år.
Familieframsyninga er produsert av Teater Vestland, Nordland Teater og Teatret Vårt.
Ei oppleving for sansane:
Grensa mellom verkelegheita og den simulerte verda blir mindre tydeleg når ein dykkar inn i ei anna verd visuelt, akustisk eller ved rørsle.
I Auka Røynd (Augmented Reality/AR) legg ein virtuell informasjon og objekt over den verkelege verda. Ein utvidar verkelegheita med digitale detaljar som bilde, tekst og animasjon, gjort tilgjengeleg gjennom AR-briller eller via skjermar, nettbrett og smarttelefonar. Publikum blir ikkje isolerte frå røyndommen, men samhandlar og ser kva som skjer framfor dei.
Døme på AR kan vere Pokémon GO-spelet, som simulerer digitale skapningar i den verkelege verda, og i Snapchat har du kanskje trylla fram hattar eller briller i ansiktet ditt? Det er bruk av Auka Røynd!
Kunstnarleg lag
Dramatikar og regissør Cecilie Grydeland Lundsholt
Scenograf og kostymedesignar Birgitte Strid
Dramaturg Kristian Lykkeslet Strømskag
Komponist Johann Prell
Lyddesignar/Foley artist Yvonne Stenberg
Prosjektleiar, Storyline Studios Vidar Grande
Lysdesignar Vegar Angel Andreassen
Videodesignar David Lejard-Ruffet
Produsent Anders Nybø
Prosjektleiar, Glitch Studios Sami Hamid
Animatør Cenk Koksal
AR-utviklarar Onat Döker, Hasan Ulaş Sarikaya
Teknisk rådgjevar, ARShow Isaac Barel
Produksjonsrågjevar, ARShow Sasha Kreindlin
I rollene: Carina Furseth, Peder Lauvås og Idun Losnegård
UTMERKINGAR
2023 Norsk Publikumsutvikling – “Fornyar”
2023 Vrinn Awards – “Arts and Culture”
2023 Vrinn Awards – Juryen sin spesialpris
2024 Laval Virtual Awards – “Cosumer Experience & Entertainment”
2024 XR Awards – «Best XR transformation story»
Advertisement
Where is it happening?
Storehagen 10, 6800 Førde, Norway, Storehagen 8, 6800 Førde, Norge,Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
