Lyarscena: Betty Mouat - Med revna segl over Nordsjøen | Låven på Bakke Gard
Schedule
Sat Apr 26 2025 at 07:00 pm to 08:00 pm
UTC+02:00Location
Trollefossvegen 9, 6982 Holmedal, Norge | Førde, SF
Advertisement
Nye og gamle verk inspirerte av forteljinga om shetlandske Betty Mouat som skulle til Lerwick til legen, vart overraska av uveir, og dreiv i land på Lepsøya på Sunnmøre.Britt Pernille Frøholm - fele
Kristina Farstad Bjørdal - trekkspel
Lyarscena er Sunnfjords best bevarte hemmelegheit.
Du veit det kanskje ikkje, men Sogn og Fjordane har ei ganske så spesiell distriktsmusikarordning som ikkje finst så mange stader i landet. Distriktsmusikarane bidreg til Den kulturelle skulesekken, det frivillige musikklivet, kulturskulen, spelemannslag, kor, korps, opera og orkester – dei er utøvande musikarar på øvste hylle.
Som lærarar treffer dei om lag 250 elevar kvar veke, og som musikarar kanskje så mykje som 16-20.000 publikummarar i året.
Lyarscena er overflodshornet, der dei får spele med hjarte og sjel. No tar distriktsmusikarane i Sunnfjord Lyarscena ut på turné i distriktet Sunnfjord, til nokre utvalde stader: Førde, Svanøy, Holmedal og Askvoll.
Vi kallar det «Frå scena til sjela, store opplevingar på små stader»
Arrangør: Folkeakademiet Askvoll i samarbeid med Folkeakademiet Førde og gjengen på Bakke Gard.
Låvedørene opnar kl 18:30.
Vipps i døra, billettpris:
Medlem kr 160,-
Vaksen ordinær kr 200,-
Born gratis.
Hjarteleg velkome!
Advertisement
Where is it happening?
Trollefossvegen 9, 6982 Holmedal, Norge, Trollefossvegen 9, 6982 Holmedal, Norge,Holmedal, Sogn Og Fjordane, Norway, FørdeEvent Location & Nearby Stays: