Fottur langs veglause strender på sørsida av Sognefjorden!
Schedule
Sun Apr 27 2025 at 08:00 am to 07:00 pm
UTC+02:00Location
Nordeide Kai | Førde, SF
Advertisement
Fotturen langs veglause strender i Sogn er etterkvart blitt ein tradisjonstur i Indre Sunnfjord Turlag. I år startar vi turen frå Sylvarnes i Vik kommune. For å kome dit vert det leigd båt frå Nordeide kai, då får vi også ein flott båttur over Sognefjorden. Vi går på kupert sti av variabel kvalitet langs Sognefjorden til Ortnevik på Høyanger sørside. Lengd ca 10 kilometer.
Dette er ein middels lett tur, men du må vere i stand til - og motivert for - å gå ein minst seks timar lang tur i roleg tempo, inkludert pausar. Vi vil stoppe ved nokre av dei ni gardane vi er innom. Dei fleste bruka er nedlagde, men mange av husa og tuna er godt vedlikehaldne. Berre på Sylvarnes er det fastbuande. Dette er såleis ei kulturhistorisk vandring i storslått natur.
PÅMELDING innan 13.april pga båtskyss. Meir informasjon på heimesida dnt.no/indresunnfjord.
Advertisement
Where is it happening?
Nordeide Kai, Høyanger, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays: