Jan Eggum - Observatør // Førdehuset
Schedule
Sat, 26 Apr, 2025 at 07:00 pm
UTC+02:00Location
Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway | Førde, SF
Advertisement
Jan Eggum, ein av Noregs mest elska musikarar, er på vegen og klar til å trollbinde deg med sine tidlause låtar. Enten du er ein trufast fan eller aldri har opplevd han live før, vil du ikkje bli skuffa.Eggum har, etter ei innhaldsrik og variert karriere, gjort seg fortent til å bli trekt fram som ein bauta innan norsk musikk, både som tekstforfattar og artist. Hausten 2024 slepper han sitt 25. album, med 11 heilt nye songar. Albumet har fått namnet "Observatør", der han nok ein gong briljerer med sine nøyaktige skildringar og betraktningar frå sitt perspektiv som observatør gjennom ei årrekkje.
Med ei karriere som spenner over fleire tiår, har Jan Eggum skapt ein imponerande katalog av songar som rører ved hjartet og reflekterer over livets opp- og nedturar. Med hans djupgåande tekstar har han oppnådd ein status som ein av Noregs mest respekterte og kjende artistar og melankolikarar.
Lat deg fange av Eggums framføringar, der hans lidenskap for musikken skin gjennom. Enten det er dei melankolske balladane som treff deg rett i hjartet, eller dei meir oppstemte og fengande låtane som får deg til å danse i stolen, vil du bli riven med av Jan Eggums unike stil og lune humor.
Kom og bli med på ei reise gjennom Jan Eggums fantastiske musikkunivers! Sikre deg billettar i dag og få ei konsertoppleving du vil hugse lenge.
Advertisement
Where is it happening?
Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway, Angedalsvegen 5, 6809 Førde, Norge,Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays: