Forteljekveld på Sandeseminaret: Nynorsk framsnakk, lesande ungdom & musikk
Schedule
Thu Apr 03 2025 at 07:00 pm to 11:00 pm
UTC+02:00Location
Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway | Førde, SF
Advertisement
Under Sandeseminaret 2025 inviterer vi til kveldsprogram, som er ope for publikum. Velkomen til ein kveld med feiring av nynorsk litteratur, kveldssamtale med lesande ungdom, levande musikk og pub!Program
19:00 Nynorsk framsnakk
Lurer du på kva du skal lese dei komande månadane?
Vi har invitert eit topplag av formidlarar og skrivande til å fortelje om fersk nynorsk litteratur dei held høgt:
Sivert Nesbø, forfattar og leiar for Skrivekunstakademiet i Bergen
Maria Pile Svåsand, dagleg leiar for Litteraturbåten Epos
Eli Fossdal Vaage, poet, forfattar og skrivelærar ved Skrivekunstakademiet i Bergen
Programleiar er Anne Arnesen Mørch, dagleg leiar i Tekstallianse.
Nynorsk framsnakk er tredje utgåve av Tekstallianse sin serie med bokråd for tidsskrift og småforlag, som skal lyfte fram skattar frå det store mangfaldet av utgjevingar frå uavhengige forlag og tidsskrift som kjem kvart år.
20:00 Kva les ungdom? Ein kveldsprat
Med Simone Stibbe frå SKALD forlag og Aven Ridgewell og Ernst Roxenholt frå United World College. Samtalen er leia av Heidi Bøhagen frå Den norske bokbyen.
Musikalske innslag // Kåre Sandvik og Lone Indrebø Lægreid
Open mikrofon
Det blir open bar.
Gratis inngang og inga påmelding.
Vel møtt!
Advertisement
Where is it happening?
Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway, Nikka Vonens veg 31, 6963 Dale, Norge,Fjaler, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays: