Beatles møter Stones ::: Sogndal Kulturhus
Schedule
Fri, 04 Apr, 2025 at 06:00 pm
UTC+02:00Location
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway | Førde, SF
Advertisement
Velkomen til ei konsertoppleving av dei sjeldne!To av landets fremste musikkpersonligheiter har gått saman med Bergen Bonanza om å tolke dei beste låtane frå The Beatles og The Rolling Stones. Tor Endresen og Bård Ose vil saman med Bergen Bonanza sørgje for at publikum får ein uforgløymeleg kveld!
Men dette er meir enn ein konsert: Før konsertstart vil kvelden starte med ein liten sekvens i Blaoboxen, der Tor og Bård intervjuar kvarandre om oppveksta med britisk popmusikk, og tydinga Beatles og Stones har hatt for deira respektive karrierer. Meir info om dette finn du her.
Tor Endresen er Noregs mest allsidige vokalist. Det er ikkje ein sjanger han ikkje fiksar. Men skal han velgje favorittlåtar med hjartet, er valet enkelt: The Beatles! I fleire år har Tor Endresen vist at han er Noregs beste tolkar av songane til John Lennon og Paul McCartney. Dessutan er Tor ein solid låtskrivar, med fleire suverene plateutgivelsar bak seg.
Bård Ose er ein av Noregs mest profilerte og anerkjende programleiarar i radio. I tillegg til sine mange program held han føredrag for fulle hus, og han har gitt ut bøker om alle songane til både The Beatles og The Rolling Stones. I denne samanhengen står han fram som Noregs Mick Jagger, der han syng dei beste Stones-låtane frå 60-tallet.
Bergen Bonanza er eit av dei lengstlevande konsertkonsepta i Bergen, som framleis går på Statsraaden Bar&Reception. I 12 år har konseptet vore ein bauta for musikkmiljøet i Bergen, med stor spennvidde i samarbeidspartnarar og sjangerar. Husbandet har etter alle desse årene blitt eit av dei mest samspelte banda på Vestlandet, og har blitt eit attraktivt backingband for mange artistar og konsept. Husbandet består av Lars Hammersland, Eirik Utne, Ole G. Eikeland, Einar Olsson, og er for anledningen forsterket med Morten Endresen som gjest.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 4. april kl. 18:00.
Billetpris: kr 495,-
Advertisement
Where is it happening?
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge,Sogndalsfjøra, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays: