Lyarscena - Ein tur nordover
Schedule
Thu, 26 Mar, 2026 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Angedalsvegen 5, 6810 Førde, Norway | Førde, SF
Advertisement
LYARSCENA – torsdagskonsertar i NordsalenLyarscena er distriktsmusikarane si hovudscene om våren. Serien består av tre utvalde torsdagskonsertar der musikarane løftar fram eigne prosjekt, nye samarbeid og sterke kunstnarlege uttrykk.
For dei som ønskjer ein liten forsmak, blir det eit kort utdrag av konserten dagen før på Røyst (onsdag kl. 12). Og for dei som vil ha etterklang og ein musikalsk start til helgen, kan ein høyre eit nytt utdrag på Kling lunsjmusikk dagen etter (fredag kl. 12) i Nordsalen.
______________________________
26. mars 2026 kl. 19
torsdag
EIN TUR NORDOVER
Publikum kan sjå fram til ei varm og kraftfull feiring av nordnorsk musikk, der både vemod og livsglede får god plass. Konserten byr på eit spanande møte mellom klassisk musikk og folkemusikk, med eigne, gjennomarbeidde arrangement for trompet, fele og piano.
Gjennom melodiar inspirerte av natur, kvardagsliv og sterke kjensler, blir ein teken med på ei reise nordover – frå stille, ettertenksame augeblikk til energiske parti fulle av driv og samspel. Dette er ei konsertoppleving som lovar nær formidling og ekte nordnorsk klang og identitet.
Kristin Vik Hofseth – trompet
Britt Pernille Frøholm – fele
Noemi Utasi – piano
______________________________
FRAMTIDIGE KONSERTAR I SERIEN:
______________________________
7. mai 2026 kl. 19
torsdag
MUSIKK FOR 20 FINGRAR
Når to pianistar deler eit piano blir det færre tangentar på kvar, men minst dobbelt så mykje til publikum! Pianoduoen skapar både nærleik og energi, og tek oss med frå lyriske melodiar til folkedans, og til kraftfulle, orkestrale klangar.
I tett musikalsk dialog blir fire hender til ei stemme.
Noemi Utasi & Akiko Anazawa – piano
______________________________
Billettpris:
Vaksne 200kr
Barn 75kr
Kulturskuleelevar 0kr
Billettsal: www.fordehuset.no
Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)
Advertisement
Where is it happening?
Angedalsvegen 5, 6810 Førde, Norway, Angedalsvegen 5, 6809 Førde, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.


















