Sigrid Moldestad og band. Releaseturné
Schedule
Thu, 19 Mar, 2026 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Storehagen 10, 6800 Førde, Norway | Førde, SF
Advertisement
Sigrid Moldestad og band på lanseringsturné med nye albumet "Vegane vi vandrar" ( albumslepp 6.mars)Forankra i folkemusikken, med naturen og bygda ho kjem frå som bakteppe, gjev Sigrid Moldestad ut sitt kanskje mest personlige album. Det niande, sidan solodebuten "Taus" i 2007, som gav ho ein Spellemannspris.
Albumet "Vegane vi vandrar" er ein rik og fargesterk vev av historier og melodiar. Mangfaldig og sjangerleikande, men tett halden saman av eit bandkollektiv som aldri har kjendest meir samstemt og meddiktande enn på denne plata. Alle lyttande og leikande, med Sigrid si stemme, fele og formidling som naturleg midtpunkt. Plata krinsar rundt sirklar og hjul – årshjulet og livshjulet – der alt er i rørsle, men samstundes vender tilbake. Tida som går, og livet med alt det vakraste og det mest smertefulle.
På konserten får publikum fleire av dei nye songane saman med høgdepunkt frå heile karrieren.
Sigrid Moldestad band er:
Anders Bitustøyl - bass
Jørgen Sandvig - gitarer
Sigbjørn Apeland - tangenter
Kåre Opheim - trommer
Roald Kaldestad - gitarer
Advertisement
Where is it happening?
Storehagen 10, 6800 Førde, Norway, Storehagen 8, 6800 Førde, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.








