Konsert med Synnøve S. Bjørset, Geir Marius Thorud og nonsmat
Schedule
Sun, 22 Mar, 2026 at 03:00 pm
UTC+01:00Location
Naustedalen Næringssenter | Førde, SF
Advertisement
LivOGlyst Naustedalen inviterer til konsert med høve til å kjøpe nonsmat i Jokerkafeen klokka 15:00 søndag 22.mars. Det vert vafler og natronkaker på menyen. Kjøp billett ved å betale med VIPPS når du kjem.
Gratis for barn og ungdom under 20 år. Kroner 100,- for vaksne for å spe litt på i LivOGlyst-kassa til kommande arrangement.
Synnøve S. Bjørset og Geir Marius Thorud spelar fin-fin gammaldansmusikk - med repertoar som dei har
plukka opp og leita fram gjennom åra. Hardingfela får skine med smakfullt og lekkert tonefølgje av ein feinschmecker på trekkspel.
Dei sveipar innom tradisjonelt repertoar frå både Sogn, Valdres, Hardanger og Bergen. Lett nynnbare melodiar, så vel som slåttar med undarlege krumspring. Og innimellom nokre nøye utvalde svisker der både
kromatikk, vibrato, og sløye glissandoar får breie seg. Dette er musikk å bli glad i - og glad av!
So likar dei å fortelje litt mellom slåttane
Dette vil du ikkje gå glipp av. Velkomne!
Fotobyline: Runhild Heggem Foto
Advertisement
Where is it happening?
Naustedalen Næringssenter, Naustedalen 952,Naustdal, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.

















