Ein herre med namnet Parkinson
Schedule
Fri, 27 Mar, 2026 at 12:30 pm
UTC+01:00Location
Askvoll bibliotek | Førde, SF
Advertisement
Velkommen til eit nytt stykke av Rolf Losnegård, dramatikaren frå Dalsfjorden som har vore så viktig for oss her på teateret.Rolf har fått Parkinsons sjukdom. I dette stykket tar han publikum med inn i kampen for å finne meining i det nye tilværet med ein nevrologisk tilstand som gradvis minskar evna hans til å bevege seg normalt.
Han deler ei humoristisk, rå og ærleg forteljing om det å miste helsa. Distriktsmusikar Jacob Wyrtz er med på gitar, og dottera Idun Losnegård – mangeårig skodespelar her på teateret – har regi.
Rolf har bidratt til nesten tretti produksjonar på Teater Vestland, tidlegare Sogn og Fjordane Teater. Det var han som skreiv Dei siste maksveringar, det aller første stykket som blei sett opp etter etableringa i 1977, og han står bak det årvisse Kinnaspelet. Han fungerte som husdramaturg i dei ti åra han var tilsett her.
Kunstnarleg lag
Av og med Rolf Losnegård
Regi Idun Losnegård
Musikalsk uttrykk Jacob Wyrtz
Plakatteiknig Fredrik Rysjedal
Advertisement
Where is it happening?
Askvoll bibliotek, "Gamle bankbygget", Askvollvegen 425,Holmedal, Sogn Og Fjordane, Norway, FørdeEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.














