Benedicte Maurseth med band // Blaoboxen, Sogndal Kulturhus
Schedule
Sat, 28 Mar, 2026 at 07:00 pm
UTC+01:00Location
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway | Førde, SF
Advertisement
Dørene opnar kl 19:00, konsert frå kl. 20:00.Benedicte Maurseth er ein av våre mest markante hardingfelespelarar, komponistar og forfattarar. Ho har i fleire tiår vore elev av meisterspelemannen Knut Hamre, og har gjort tradisjonsmusikken frå Hardanger til sitt spesialfelt.
Maurseth har turnert både nasjonalt og internasjonalt, og samarbeidd med nokre av verdas fremste kunstnarar innan teater, samtid og improvisert musikk. Som komponist har ho levert verk til alt frå Kronos Quartet og Prague Music Ensemble til Marvel Studios og Nasjonaltheatret.
Hennar kritikarroste soloalbum Hárr (2022) vann Nordic Music Prize og vart kåra til eitt av årets beste folkemusikkalbum i The Guardian. I tillegg har ho markert seg som forfattar, med boka Systerspel, som vart heidra med fleire prisar.
Med seg på scena har Maurseth eit sterkt lag av musikarar:
Håkon Stene – prisbelønt slagverkar med internasjonal karriere, kjent frå samarbeid med Oslo Filharmonien, Ensemble Modern og ei rekkje anerkjende ensembler.
Mats Eilertsen – ein av landets mest ettertrakta jazzbassistar, med over 100 plateinnspelingar og fleire prisar, mellom anna Buddyprisen.
Morten Qvenild – ein nyskapande pianist og komponist, kjend frå prosjekt som In the Country, The National Bank og samarbeid med artistar som Susanne Sundfør, Marit Larsen og Jaga Jazzist.
Saman skaper dei eit uttrykk der hardingfele møter jazz, samtidsmusikk og improvisasjon, og gir publikum ei unik musikalsk oppleving med djup forankring og stor nyskaping.
Konserten er satt opp i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus
Dato og tid: Laurdag 28. mars. Dørene og baren opnar kl 19:00. Konsert frå kl. 20:00. Dørene stenger kl. 22:00.
Billettpris:
Ordinær: kr 299,-
Student: kr 249,-
Ledsager (følgjekort): kr 0,- Hugs at den som har følgjekort skal kjøpe ordinær billett.
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med).
Advertisement
Where is it happening?
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















