Riksteatret: Kniven i ilden / Terä tulessa // Sogndal Kulturhus

Schedule

Wed, 15 Apr, 2026 at 07:00 pm

UTC+02:00

Location

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway | Førde, SF

av Ingeborg Arvola. Dramatisert av Cecilie Mosli.
Forboden kjærleik, sydande ishavsfiske og lækjande hender.
Ingeborg Arvolas fengslande historiske roman har gått rett til hjartet på eit rekordstort publikum. Boka har fått fantastiske kritikkar og er selt i 60 000 eksemplar. Endeleg blir boka teater!
Året er 1859. Brita Caisa er åleine med to barn. For å gi barna tryggheita dei fortener, spenner ho på seg skia og går den lange vegen frå Finland til Noreg for å finne ein mann ho kan ha eit trygt liv saman med. På vegen skjer det som ikkje skal skje.
Brita Caisa er ei kvinne som drar, ei kvinne som torer å stå opp mot fordømminga frå andre. Kniven i ilden er ei fengslande historie om arbeid og kjærleik, sterkt samhald og fri erotikk, enkeltmennesket og øvrigheita.
Arvolas eiga tipp-tipp-oldemor Brita Caisa Seipajærvi var Ingeborg Arvolas tipp-tipp-oldemor. Arvola skriv så ein kan lukte blodet etter reinslakten, kjenne smaken av multene, føle kulden frå snøen og varmen frå bålet. Arvola løfter også fram den kvenske og samiske kulturen og gir oss eit unikt bilete av ei historie som bør få større plass i det kollektive minnet vårt.
Når boka blir teater for heile landet med Riksteatret og Kvääniteatteri, er det stjerneregissør Cecilie Mosli (Grey’s Anatomy, Tre nøtter til Askepott, Snøsøsteren) som tar Arvolas storslåtte epos til scenen med Lena Kristin Ellingsen, Ivar Beddari, Ingvild Holthe Bygdnes, Arthur Hakalahti, Bernt Bjørn og Pernille Sandøy i rollene.
Sagt om romanen:
«Vidunderlig og storslagen» VG (6) «Maken til het kjærlighetslengsel – og like dampende elskov – er det lenge siden jeg har lest om i en norsk roman.» NRK
«En medrivende og historisk interessant roman (…) Kan leses i et begjærlig jafs» Dagbladet (5)
«I det hele tatt skriver Arvola virkelig, virkelig godt. Sinnsykt godt, faktisk. Som en drøm, man ikke visste man gikk rundt med.» Berlingske (5)
«Med en nærmest usynlig hånd sniker Arvola inn detaljer om tid, sted og miljø, som gjør leseren adskillig klokere enn det hen var fra før av» Aftenposten
«Kjærlighet og sex av den forbudte sorten, ekteskap som ryker, foreldre og barn som splittes, økonomi som krakelerer, et lokalsamfunn som får noe å sladre om [...] framfor alt er det den forbudte tiltrekningen og kjærligheten mellom Brita Caisa og den gifte Askan Mikko som setter
futt i fortellingen.» Klassekampen
Framsyningslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pause).
Urpremiere i Oslo, Nydalen 30. januar 2026 Turnépremiere i Nordreisa 5. februar 2026
Med Lena Kristin Ellingsen, Ivar Beddari, Ingvild Holthe Bygdnes, Pernille Sandøy, Bernt Bjørn og Arthur Hakalahti.
Av Ingeborg Arvola. Dramatisert av Cecilie Mosli. Regissør Cecilie Mosli. Kostymedesignar og scenograf Milja Salovaara. Lysdesignar Martin Myrvold. Komponist Arve Henriksen. Musikalsk ansvarleg Jane Kelly. Dramaturg Siri Løkholm Ramberg. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Kvääniteatteri.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Onsdag 15. april kl. 19:00.
Varigheit: 2 timar og 20 minutt (inkludert pause).
Billettprisar:
Ordinær: kr 480,-
Honnør: kr 388,-
UNDER30 (for personar under 30 år): kr 180,-
Samarbeidspartnere: kr 388,-
Gruppepris (minst 10 stk): kr 388,- per stk.
Coop-medlem: kr 380,-
Scenekort (må vise medlemsbevis i døra): kr 380,-
Ledsager/følgjekort: kr 0,- (hugs at den som eig følgjekortet skal betale ordinær billett).

Where is it happening?

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, Norway
Icon
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Sogndal Kulturhus

Host or Publisher Sogndal Kulturhus

Ask AI if this event suits you:

Discover More Events in Førde

Strikkekaf\u00e8
Thu, 16 Apr at 07:00 pm Strikkekafè

Vassenden Skule, 6847 Vassenden i Jølster, Norway

Historietime: Ei unik vev-historie
Thu, 16 Apr at 07:00 pm Historietime: Ei unik vev-historie

Jølstravegen 107, 6819 Førde, Norway

Pub Quiz med Rune
Fri, 17 Apr at 08:00 pm Pub Quiz med Rune

Joss Pub

CONTESTS PUB-CRAWL
Rotlaus \/\/ F\u00f8rde
Fri, 17 Apr at 09:00 pm Rotlaus // Førde

Storehagen 2, 6800 Fords, Norway

CONCERTS MUSIC
Svanesj\u00f8en - Classical Ukrainian Etoile Ballet \/\/ F\u00f8rdehuset
Wed, 18 Mar at 07:00 pm Svanesjøen - Classical Ukrainian Etoile Ballet // Førdehuset

Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway

PERFORMANCES ART
Ein herre med namnet Parkinson
Thu, 19 Mar at 01:00 pm Ein herre med namnet Parkinson

Leikanger

 Riksteatret: Skorpionens spill \u2013 i skyggen av Roblox\/\/F\u00f8rdehuset
Thu, 19 Mar at 06:00 pm Riksteatret: Skorpionens spill – i skyggen av Roblox//Førdehuset

Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway

Ei verdsomsegling under havet
Wed, 25 Mar at 06:00 pm Ei verdsomsegling under havet

Jarstadvegen, 6963 Dale, Norge

Ein herre med namnet Parkinson
Fri, 27 Mar at 12:30 pm Ein herre med namnet Parkinson

Askvoll bibliotek

Riksteatret: Kniven i ilden \/ Ter\u00e4 tulessa  \/\/  Sogndal Kulturhus
Wed, 15 Apr at 07:00 pm Riksteatret: Kniven i ilden / Terä tulessa // Sogndal Kulturhus

Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway

Riksteateret: Kniven i ilden \/ Ter\u00e4 tulessa
Thu, 16 Apr at 07:00 pm Riksteateret: Kniven i ilden / Terä tulessa

Storehagen 10, 6800 Fords, Norway

What's Happening Next in Førde?

Discover Førde Events