Kim Rysstad med band i Hotellhagen
Schedule
Sat, 07 Jun, 2025 at 09:00 pm
UTC+02:00Location
Thon Hotel Sandven, hotellhagen | Voss, HO
Advertisement
Kim Rysstad er ein spelemannominert songar, kvedar og formidlar frå Rysstad i Setesdal.Mange kjenner Kim frå Stjernekamp 2019, der han fekk sitt definitive gjenombrot og vann 2. plassen, men han har også vore med på MGP to gonger, «Beat for Beat» og ikkje minst hatt to NRK1’-sende julekonsertar ilag med Kringkastingsorkesteret. Kim har gjeve ut 8 album, der to har blitt nominert til Spellemannprisen.
Til Hardingtonar i juni kjem Kim med fullt band.
Trym Bjønnes, gitarar,
Jan Inge Nilsen, trommer,
Per Erik Olsen, bass,
Knut Ingolf Brenna, gitarar.
Kim har samarbeidd med Trym og Knut Ingolf i mange år, mest i duoformatet. Med band får ein større moglegheiter
musikalsk. Musikken vert henta frå Kim sitt rikhaldige og varierte repertoar. Så her vert det alt frå salmar og
stev til MGP og country! Me gler oss til å høyre Kim sine eigne låtar og kanskje heilt ny musikk?
«Eg gler meg som ein unge til å oppleve Hardingtonar, ein festival eg har høyrt så mykje om i mange år, gjenom andre som har vore ein del av festivalen. Og det å slå til med fullt band, og ikkje minst spele på ei utescene i omgjevnadar som i Hardanger, det er aldri feil!» - Kim
Foto: Johannes Selvaag
Advertisement
Where is it happening?
Thon Hotel Sandven, hotellhagen, Kaien 28, 5600 Norheimsund, Norge,Norheimsund, Voss, NorwayEvent Location & Nearby Stays: