FULLBOOKET: Rosésmaking i Fru Helmers
Schedule
Wed, 29 Apr, 2026 at 07:00 pm
UTC+02:00Location
Torggata , 6900 Florø, Norway | Førde, SF
Advertisement
Rosévinsmaking i Fru Helmers med Roger Bareksten: frå leskande terrassevin til ypperlig matvin 🍷Det er vår i lufta, og lite smakar betre enn eit glas rosè i sola på terrassen 🍷 Men visste du at rosè også kan være ein framifrå matvin? Denne kvelden inviterer vi deg ned i vinkjellaren Fru Helmers på Scandic Victoria Florø til ei smaking som tek rosévinen på alvor og som viser kor stort spenn denne vintypen faktisk har.
Vi tek deg med på ei reise friske og leskande vinar som passar perfekt på terrassen, til meir komplekse og strukturerte roséar som verkeleg kan løfte eit måltid. Undervegs får du smake seks nøye utvalde vinar som representerer ulike stilar, druer og produksjonsmetodar.
Kvelden gir deg innsikt i korleis dei ulike rosèvariantane framstillast, kva druer dei nyttar, innsikt i kva som skil ein enkel terrassevin frå ein seriøs matvin, enkel innføring i smaketeknikk, og korleis du kan bli betre på å forstå din eigen smak. Du vil også få konkrete tips til matmatching, kva fungerer og kvifor.
Det vert servert enkel, tilpassa snacks til smakinga.
Roger Bareksten vil lede oss gjennom denne kvelden. Han er vinentusiast og over gjennomsnittet glad i god mat og drikke. Han har fullført nivå to i grunnutdannelsen WSET, men vin- og matinteressen er utelukkende en hobby (enn så lenge). Dette er ei smaking for deg som vil lære meir, oppdage nye favorittar og kanskje bli litt overraska over kva rosé faktisk kan vere. Vi tilpassar nivået til forsamlinga.
Stad: Fru Helmers vinkjeller på Scandic Victoria Florø
Dato/tid: 29. april, kl. 19.00.
Pris: 650,- per person. Påmeldingsfrist onsdag 22. april. Påmelding sendes til [email protected]
Advertisement
Where is it happening?
Torggata , 6900 Florø, Norway, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.








