Beredskap og matproduksjon i hagen // Gardshagen i Astrup-tunet
Schedule
Wed Apr 29 2026 at 12:00 pm to 03:00 pm
UTC+02:00Location
Astruptunet | Førde, SF
Advertisement
Det er vår i Astrup-bygda. Solgule humler summar mellom gåsungane på nye seljeskot. I sjølvbergingshagen på Sandalsstrand veks rabarbraen allereie friskt langs bekkefar og torvgardar. Med våren kjem lyset og livskrafta tilbake, men det kviler eit alvor over vårdagane i år, i Totalberedskapsåret 2026.
Onsdag 29. april inviterer vi til ein vårdag i Astrup-tunet der vi ser på hagen som ein stad for beredskap og matproduksjon.
Vi møtes til ein kaffikopp og nysteikte svelekaker i kafeen frå kl 12, og får høyre birøktar og gartnar Markus Lohne Hustad fortelje om korleis han var med å forvandle eit gamalt hestebeite til bugnande grønsakshage på berre eitt år. I foredraget reflekterer han over korleis vi kan bygge opp jorda, fellesskapet og naturen gjennom å dyrke maten der vi bur.
Deretter får vi vere med på ei vandring i hagen og få praktiske tips til frukt, bær og grønsaksdyrking i landskap som våre.
Markus Lohne Hustad har arbeidd med berekraftig jordbruk i Norsk Bonde og Småbrukarlag, Økologisk Norge og Framtiden i våre hender, og er utdanna frå Norges miljø og biovitskaplege universitet (NMBU).
Arrangementet er eit samarbeid mellom Jølster bondelag, Astruptunet og Rom for ord.
Advertisement
Where is it happening?
Astruptunet, Sandalsstrand, Nikolai Astrups veg 1135, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.








