Thomas Seltzer om kunstig intelligens
Schedule
Wed Apr 29 2026 at 10:00 am to 11:00 am
UTC+02:00Location
Storehagen 10, 6800 Førde, Norway | Førde, SF
Advertisement
KI: Godarta gigahjerne eller destruktiv dødsstjerne? Verda står nå midt oppe i det som truleg er den største teknologiske revolusjonen nokosinne: Kunstig intelligens.
Kva skjer om maskinene blir smartare enn oss? Med velkjent glimt i auget og alvorsprega no bullshit-tilnærming drar Thomas Seltzer opp dei politiske, økonomiske og sosiale konsekvensane av KI. Han deler idear om korleis vi som enkeltindivid og samfunn kan møte den altomfattande teknologien og den bekmørke ideologien den er grunnlagt på.
Etterpå møtest Thomas Seltzer og Finn Tokvam i sofaen til ein prat om språk og polarisering sett frå storebror USA.
Foredraget er del av nasjonal språkkonferanse med tittelen «Skal vi snakke om det?». Fullt program finn du HER.
Vi forstår at ikkje alle har tid og anledning til å få med seg heile programmet på språkkonferansen, og difor legg vi Thomas Seltzer sitt foredrag ut i ope sal. Få med deg A-kjendisen i Nynorskhuset for kr 200!
Språkkonferansen er arrangert av sambuarane i Nynorskhuset: NRK, Firda og Teater Vestland, saman med systersentera Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter og Nynorsk scenespråksenter.
Advertisement
Where is it happening?
Storehagen 10, 6800 Førde, Norway, Storehagen 8, 6800 Førde, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.








