STRANDABLEST 2025
Schedule
Thu, 05 Jun, 2025 at 07:00 pm to Sun, 08 Jun, 2025 at 01:00 am
UTC+02:00Location
Myrkdalsvegen 9, 5713 Vossestrand, Norge | Voss, HO
Advertisement
Strandablest 2025 går av stabelen 5-7. juni 2025! Vinskvetten er klare med sine aller største hits. Litt humor blir det òg. I grovaste laget vil mange seie. Sjå fram til velkjende slagarar som «No e' da helg», «Ronny Bruvik», «Dans på «Grasdal» og «Sokkane». Her vert det garantert god stemning!
Ingenting spelar for fulle hus gong på gong, og allsang og festhumør er garantert. Det legendariske rockebandet blei starta allereie i 1989. Bandet held framleis koken, og det skjer svært mykje spanande rundt dei. Dei leverer alltid klassikarar som «Liden» og «Gje faen i det».
Oddny markerte seg i 2023 med låten «Oktober, Bergen by» som i heile 20 veker var A-lista på P1 nasjonalt. Musikken deira kombinerar det vestlandske underfundige med element frå folk, rock og honningsøt pop. Dei syng om tema som mange kjenner seg igjen i, og musikken appellerar til eit breidt spekter av lyttarar og publikummarar. Oddny er i framovergir og har planen klar!
Fashion Victims leverar fengjande powerpop/pop-punk. Dei er i toppform etter eit innhaldsrikt år med albumdebut med god mottakelse, radiolistingar, ei rekkje konsertar, turnering med Oslo Ess og som oppvarming på eit utsolgt Sentrum Scene i Oslo. «De unge rockerne i Fashion Victims spiller sånn musikk som gjør at du får lyst til å hoppe rundt i stua, ta rennafart og denge huet og kroppen i veggen i ren eufori» (Dust of Daylight).
Rakkadeis frå Vaksdal vart starta i 2009. Dei spelar variert musikk med både eldre og nye hits, og på repertoaret står kjende slagarar av mellom anna Bruce Springsteen, Eagles, Bryan Adams, Hellbillies, CCR, Plumbo, Alan Jackson, DumDum Boys, Johnny Cash, AC/DC, Kings of Leon med meir. Dei lovar høg allsongfaktor og god dansemusikk!
Sjå festivalens heimeside www.strandablest.no for vidare informasjon. Håpar me sjåast!
Advertisement
Where is it happening?
Myrkdalsvegen 9, 5713 Vossestrand, Norge, Myrkdalsvegen 9, 5713 Vossestrand, Norge,Vossestrand, Voss, NorwayEvent Location & Nearby Stays: