SKREDLØPET 2025
Schedule
Sat Jun 07 2025 at 10:00 am to 03:30 pm
UTC+02:00Location
Nyeslåtten, 5776 Nå, Norge | Voss, HO
Advertisement
Skredløpet 2025 vert den 7. Juni.
Hald av datoen!
--------
Skredløpet gjekk av stabelen for fyrste gong i 2007 og vart umiddelbart ein suksess med omlag 230 deltakarar. Dette talet har stege jamnt - til om lag 400 dei siste åra.
Løpet startar ved skredmuren på Aga og går i godt merka løype i naturen, forbi Svartetjødn, Rogdatjødn og Rogdo, før ein svingar opp og passerer skredløpa på sørsida av Rogdo. Vidare går løypa i naturskjønne omgivelser opp til Kvestadstølane og Herseter. Når ein nærmar seg dette området, er utsikta overveldane. Her når ein også det høgaste punktet i løypa - før det stort sett er unnabakke heilt ned til mål på Reiseter. Løypa er totalt ca. 8,5 km lang og passar for alle som likar å gå i naturen.
Advertisement
Where is it happening?
Nyeslåtten, 5776 Nå, Norge, Nyeslåtten 16, 5776 Nå, Norge,Lofthus, Hordaland, Norway, VossEvent Location & Nearby Stays: