SognaCon 2026
Schedule
Sat, 28 Feb, 2026 at 11:30 am to Sun, 01 Mar, 2026 at 04:10 pm
UTC+01:00Location
Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norway, 6856 | Førde, SF
Advertisement
Me gjentek suksessen frå 2025, men utvidar con'et til 2 dagar!Hald av Laurdag 28. februar kl 11:30-21:00 og søndag 1. mars kl. 10:00-16:00 i 2026 om du er interessert i e-sport, cosplay, rollespel, anime og manga, spelutvikling, brettspel, retrogaming, kortspel og meir!
Følg SognaCon på Facebook og Instagram for fortløpande info, og sjekk nettsida sognacon.no
Kva skjer?
MANGE gratis show og føredrag i Storsalen.
Stands og salsbodar i vestibylen og Blaoboxen.
Rabatterte kinofilmar i Sal 2 og 3.
Kurs i manga-teikning, cosplay og meir i Kunstgalleriet.
Gratis spelesalong med brettspel, rollespel etc på galleriet.
Gratis kreative verkstader på biblioteket.
Gratis gamingrom i bursdagsrommet.
Du finn snart ei oversikt over programmet og meir info på sida www.sognacon.no
I tillegg er SognaCon på Instagram og Facebook.
Intensjonen bak SognaCon
SognaCon skal vere eit samlingspunkt for unge som interesserar seg for tema som anime/manga, cosplay, e-sport, gaming/retrogaming, spelutvikling, brettspel, rollespel, kortspel, bøker og meir. Dette vert ein arena for å skape nye venskap, knyte band med likesinna og oppleve fellesskap i ein trygg og inkluderande setting.
I tillegg vil arrangementet og gi vaksne og foreldre eit innblikk i ungdommens interesser og kanskje styrke familieband. Tidleg på dagen vil det vere aktivitetar som passar for alle, inkludert dei som er yngre enn 12-18 år, medan det utover dagen gradvis vil gå over i program for den eldre ungdomen, slik som live speling av mer intense rollespel, og filmar med høgare aldersgrense.
SognaCon 2026 vert arrangert av Sogndal Kulturhus, Sogndal Bibliotek, Sparebank1 Sogn og Fjordane, Sognenett og Lerum, med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Advertisement
Where is it happening?
Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norway, 6856, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.














