The Johnny Cash and June Carter Show // Sogndal Kulturhus // 6. mars
Schedule
Fri, 06 Mar, 2026 at 08:00 pm
UTC+01:00Location
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway | Førde, SF
Advertisement
Ein kveld med kjærleik, legender og tidlaus countrymusikk.Det er med stor glede vi presenterer «Duets of Two Darlings» – ei ny framsyning som byggjer vidare på suksessen med «The Johnny Cash & June Carter Show». Publikum blir inviterte med på ei reise gjennom dei sterke musikalske og personlege banda mellom Johnny Cash og June Carter.
Sidan premiera i 2025 har showet gått for utselde hus frå Tromsø til Stavanger, og responsen stadfestar at interessa for musikken til Johnny og June står sterkare enn nokon gong.
Her får du høyre ikoniske duettar som «Ring of Fire», «Jackson», «It Ain’t Me Babe», «Folsom Prison Blues» og «I Walk the Line» – framført med respekt, nærleik og innleving. I tillegg til musikken vender showet blikket mot kjærleikshistoria mellom Johnny og June – ei historie prega av både kamp og samhald, som sette djupe spor i songane dei delte med verda.
Bandet har turnert i over 13 år med musikken til Johnny og June. Med eit svært erfarent ensemble på scena har dei bore denne arva vidare til fengsel, kyrkjer og kulturhus over heile landet – alltid med ekte engasjement og stor formidlingsglede.
«Duets of Two Darlings» er ikkje berre ein konsert – det er ei forteljing. Ei hyllest til to legender som både elska og utfordra kvarandre, og som gjennom musikken rørte millionar av lyttarar.
Velkomen til ein kveld med sterke kjensler, levande musikk og eit møte med historia bak nokre av dei mest kjende songane i countrymusikken.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 6. mars kl. 20:00.
Varigheit: ca. 95 minuttar utan pause.
Billettprisar:
Ordinær: kr 450,-
Ledsager/følgjekort: kr 0,- (NB! ledsagerbevis må framvisast)
Born under 18 år: gratis
Advertisement
Where is it happening?
Hovevegen 2, 6856 Sogndal, Norway, Hovevegen 2, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



