Folkemusikkonsert og dans med Steinar Rygg, Ludo og Indre Sunnfjord spelemannslag//Førdehuset
Schedule
Fri Jan 30 2026 at 08:00 pm to 11:00 pm
UTC+01:00Location
Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway | Førde, SF
Advertisement
Opplev slåttearven etter storspelemannen Leif Rygg og drivande slåttespel frå Voss og Hardanger !I første del av konserten vil Steinar Rygg gje eit konsertforedrag om faren Leif som lidenskapleg felespelar og miljøbyggjar. På konserten kan du mellom anna få høyre kjende tonestykke som Bygdatråen, Lengt og Budeiene på Vikafjell – slåttar som var svært sentrale i Leif Rygg sitt repertoar.
Trioen Ludo står for andre del av konserten. Dei framfører slåttar frå Voss, Hardanger og Sunnhordaland. Melodiane er arrangert i eit jazzharmonisk landskap der er ein tek vare på slåttene sin eigenart samtidig som ein tilfører nye musikalske element. Improvisasjon og energi er sentralt i Ludo sitt uttrykk.
Gruppa består av Steinar Rygg (hardingfele og fele), Frode Hammersland (bass) og Åsmund Espeland (gitar).
Etter konserten spelar Indre Sunnfjord spelemannslag opp til dans for alle.
I forkant av konserten vert det arrangert GRATIS krasjkurs i folkedans med instruktørar frå Indre Sunnfjord spelemannslag. Kurset startar kl 19.00. Her treng du ingen forkunnskapar, berre danselyst og gode dansesko!
Ungdom under 17 år som deltek på krasjkurset får gratis tilgang til konsert og dans.
Arrangør: Indre Sunnfjord Spelemannslag i samarbeid med Førdefestivalen.
Tidspunkt:
19.00 Krasjkurs i folkedans
20.00 Konsert med Steinar Rygg og trioen Ludo
Til slutt spelar Indre Sunnfjord spelemannslag til dans for alle.
Slutt kl 23.00
Foto: Knut Utler
Advertisement
Where is it happening?
Angedalsvegen 5, 6800 Førde, Norway, Angedalsvegen 5, 6809 Førde, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.


















