Kom deg ut-dagen 2026 på Hilvang!
Schedule
Sun, 01 Feb, 2026 at 11:00 am
UTC+01:00Location
Hilvang | Førde, SF
Advertisement
Søndag 1. februar er det Kom deg ut-dagen igjen! Kom deg ut-dagen er Norges nasjonale turdag, og arrangerast av DNT kvar haust og vinter. Vi inviterar til turar, aktivitetar og arrangement over heile landet. I 2026 er det 20 år sidan den fyrste Kom deg ut-dagen, og vi feirar med utebursdag og stor ståhei! Barnas Turlag Askvoll inviterar til utebursdag på Hilvang, sundag 1.februar, frå klokka 11 og utover. 🎉
Vi kjøper inn pølser og brød nok til alle, så trykk gjerne på "skal" slik at vi veit kor mykje vi skal kjøpe inn.🌭 Ta med kakao og deig til pinnebrød, og eigne grillspyd. Det går også an å ta med seg det ein ellers ynskjer å grille på bål, marshmallows, fiskekaker, ostesmørbrød. Vi vil også varme kakao på bålet. 😁
Det er litt vêravhengig kva aktivitetar det vert, men vi lovar stor ståhei uansett. Anten vert det konkurranse med miniski, aking, båltenning, eller så vert det lengdehopp, balansering, kubb. Vi vil lansere ein ny turtipp, og kanskje vert det besøk av sjølvaste Turbo Fjellrev? 🤩🦊
Kom bli med og feire bursdag med oss! 🎉🌭
Les meir om kom deg ut-dagen her:
https://www.dnt.no/dnt-der-du-er/dnt-sor/lokale-aktiviteter/kom-deg-ut-dagen/
Advertisement
Where is it happening?
Hilvang, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















