Foredrag “Den norske modellen i breiddefotball - speletid, topping og utvikling”
Schedule
Sat Feb 07 2026 at 05:00 pm to 06:00 pm
UTC+01:00Location
Quality Hotel Sogndal | Førde, SF
Advertisement
I samband med fotballshowet “Direkte Rødt!” laurdag 7. februar på Quality Hotel Sogndal blir det også lagt opp til eit ope foredrag på hotellet. Her blir det inspirasjon og læring saman med nokre av dei mest kjende fotballprofilane i Noreg - Brede Hangeland, Petter Myhre, Erik Thorstvedt og Jan-Henrik Børslid. Målgruppe: Breiddetrenarar, føresette og andre interesserte
Kvelden blir leia av Jan-Henrik Børslid som moderator og held den raude tråden gjennom programmet. Det faglege innhaldet blir levert av Petter Myhre, Erik Thorstvedt og Brede Hangeland, som deler perspektiv frå både topp- og breiddefotball, basert på erfaring, praksis og refleksjon.
Foredraget tek utgangspunkt i korleis norsk barne- og ungdomsfotball er meint å fungere med vekt på:
- like moglegheiter til å spele
- langsiktig utvikling
- tryggleik, meistring og prestasjon over tid
Gjennom samtale, døme og refleksjon blir tema som topping, speletid, foreldrepress og utvikling av gode miljø belyste. Det blir òg lagt opp til dialog med salen undervegs, og muleg panelsamtale avslutningsvis leda av Jan-Henrik Børslid.
Etter den faglege delen inviterer Sparebanken Norge og Quality Hotell Sogndal til kaffi og uformell mingling, med høve til å slå av ein prat og ta bilete med føredragshaldarane.
Kort om profilane:
- Jan-Henrik Børslid – programleiar og TV 2-profil kjent frå Premier League-studio
- Erik Thorstvedt – tidlegare kaptein og landslagskeeper, no TV-personlegheit og føredragsholdar
- Brede Hangeland – tidlegare kaptein for landslaget, no fagansvarleg i NFF
- Petter Myhre – ekspertkommentator og fotballtrenar for Vålerenga
Foredraget er gratis - hugs å melde deg på!
Denne dagen er gjort muleg med støtte frå Sparebanken Norge og i samarbeid med Quality Hotel Sogndal.
STAO NO PAO!
Advertisement
Where is it happening?
Quality Hotel Sogndal, Quality Hotel Sogndal, Gravensteinsgata, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
















