Foredrag med Ben Ward — draumen om eit enklare og meir komplisert liv
Schedule
Fri, 06 Feb, 2026 at 08:00 pm
UTC+01:00Location
Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway | Førde, SF
Advertisement
Korleis går ein frå storbyliv i London til eit veglaust småbruk i Sogn? I dette foredraget deler Ben Ward historia om draumen som lokka han til fjells, utfordringane som møtte han, og korleis livet på Kroken formar både garden og han sjølv.Kjent frå NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, har Benjamin Ward gjort sterkt inntrykk på publikum med forteljingane om livet på godt og vondt og gjenreisinga av fjellgarden Kroken i Luster. I foredraget deler han historia om korleis han forlot London for å skape eit nytt liv på ein veglaus gard i Sogn, ein draum som kom med store utfordringar og oppdagingar. Ward trudde han skulle setje garden i stand, men oppdaga at det var han sjølv som måtte byggjast opp att. I dag står Kroken som eit døme på kva som kan skje når ein held fast ved draumen, sjølv når motstanden er stor.
Foredraget er i Løa og vert på engelsk.
Etter foredraget kan du sikre deg ei signert utgåve av boka om fjellgarden Kroken, som Ward kom ut med i 2025.
Billettar i Ticketco og i døra.
Arrangementet er i samarbeid med Folkeakademiet.
Advertisement
Where is it happening?
Nikka Vonens veg 31 - 35, 6963 Dale i Sunnfjord, Norway, Nikka Vonens veg 31, 6963 Dale, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.









