Omvisning: sjøkarta frå 1500-talet
Schedule
Fri Sep 12 2025 at 05:00 pm to 06:00 pm
UTC+02:00Location
Henrik Ibsens gate 110, Solli plass, 0255 Oslo, Norway | Oslo, OS
Advertisement
Kva skal skje? Spesialomvisning i kartsenteret med ein av Nasjonalbibliotekets kartekspertar.
Den fyste kartlegginga av verden var ikkje av landområda, men av havområda. På 1500-tallet laga mange kolonimaktar og handelsreisande sjøkart, særleg nederlenderne var aktive. Dei eldste lokalkarta over Noreg er trykte sjøkart over kysten fra Jæren til Båhuslen, laga av nettopp nederlendere på 1580-tallet. På Nasjonalbiblioteket har vi ei stor og interessant samling kart.
Kven møter du?
Benedicte Gamborg Briså er forskar ved Nasjonalbiblioteket med ekspertkunnskap om kart.
Når og kor?
Fredag 12. september kl.17-18 og 19-20
Nasjonalbiblioteket, inngang frå Solli plass.
Treng du billett?
Arrangementet er gratis og du treng ikkje billett. Her gjeld førstemann til mølla.
Kva er Handverksfestivalen?
Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som feirar den materielle kulturarven vår. Gjennom verkstader, panelsamtaler, foredrag og kunstopplevingar formidlar vi kunnskap om alt folk har laga med hendene i tidlegare tider. I år er temaet for festivalen havet. Ein viktig arbeidsplass, eit rikt matfat og ei kjelde til forteljingar, kunst og musikk. Vi byr på over tjue arrangement over to dagar. Sjå heile programmet her: https://www.nb.no/handverksfestivalen/
Mat og drikke?
Du kan ta med deg mat og drikke inn på arrangementa.
Credo driver kafé, bakeri og kantine på Nasjonalbiblioteket. Under handverksfestivalen serverer dei tradisjonsmat frå havet.
Velkomen!
Advertisement
Where is it happening?
Henrik Ibsens gate 110, Solli plass, 0255 Oslo, Norway, Observatoriegata 2B, 0254 Oslo, Norge, Oslo, NorwayEvent Location & Nearby Stays: