Fiskerøyking på gamlemåten
Schedule
Fri Sep 12 2025 at 04:00 pm to 08:00 pm
UTC+02:00Location
Henrik Ibsens gate 110, Solli plass, 0255 Oslo, Norway | Oslo, OS
Advertisement
Kva skal skje? Opplev korleis dei varmrøykte fisk i gamledagar. Lite luktar og smakar like godt som fisk som nett har godgjort seg over varm røyk. Få med deg når Credo røyker makrell utanfor Nasjonalbiblioteket. Det blir smakebitar heile dagen, så lenge det rekk.
Kven møter du?
Credo er ei matverksemd leia av kokken Heidi Bjerkan, med røter i berekraft, lokal matkultur og norsk tradisjon. Dei held til på Nasjonalbiblioteket, der mat blir formidla som kultur gjennom måltid skapte med respekt for jorda og råvarene.
Når og kor?
Fredag 12. september kl. 16–20
Laurdag 13. september kl. 10–15
Nasjonalbiblioteket, uteområdet ved Solli plass.
Treng du billett?
Det er gratis og du treng ikkje billett.
Kva er Handverksfestivalen?
Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som feirar den materielle kulturarven vår. Gjennom verkstader, panelsamtaler, foredrag og kunstopplevingar formidlar vi kunnskap om alt folk har laga med hendene i tidlegare tider. I år er temaet for festivalen havet. Ein viktig arbeidsplass, eit rikt matfat og ei kjelde til forteljingar, kunst og musikk. Vi byr på over tjue arrangement over to dagar. Sjå heile programmet her: https://www.nb.no/handverksfestivalen/
Mat og drikke?
Du kan ta med deg mat og drikke inn på arrangementa. Credo driver kafé, bakeri og kantine på Nasjonalbiblioteket. Under handverkfestivalen serverer dei tradisjonsmat frå havet.
Velkomen!
Advertisement
Where is it happening?
Henrik Ibsens gate 110, Solli plass, 0255 Oslo, Norway, Observatoriegata 2B, 0254 Oslo, Norge, Oslo, NorwayEvent Location & Nearby Stays: