Handverks- og husflidsmesse 2025
Schedule
Sat, 13 Sep, 2025 at 12:00 pm to Sun, 14 Sep, 2025 at 04:00 pm
UTC+02:00Location
Jølstravegen 107, 6819 Førde, Norway | Førde, SF
Advertisement
Sunnfjord Museum og Midtre Sunnfjord Husflidslag ynskjer hjarteleg velkomne til den tradisjonelle handverk- og husflidsmessa!Eit godt variert utval av utstillarar kjem til Movika med sjølvproduserte varer for sal. Sjå liste over årets utstillarar lenger nede. Det blir produkt i tre, keramikk, sølv, tekstil, vev og betong - for å nemne noko. Messa er eit godt høve til å starte julegåvehandelen - eller kanskje du treng inspirasjon til eigne prosjekt? Du finn salgsbodene i to av dei antikvariske bygningane i tunet, Huus-stova og Sersjantløa. Det blir skilta i tunet.
I Halbrendhuset er det kafé med sal av kaffi, natronkaker, sveler og anna bakst.
Midtre Sunnfjord Husflidslag har stand med informasjon om arbeidet sitt. Her får du også kjøpt lodd til årets haustlotteri. 10 kr. pr. lodd, og flotte gevinstar frå årets messe. Trekking blir under årets husflidveke 27. - 31. oktober.
Aktivitetar på messa:
-Rebus-løype i tunet: Følg postane 1-10 nede i museumstunet. Når du har funne løysingsordet kan du hente ein liten premie i resepsjonen. Høver for litt større born.
-Spikking i trevirke med Leiv Sølvberg
-Kl. 14 (begge dagar): Omvising i tunet: Bli med inn i nokre av dei antikvariske husa våre og høyr meir om livet på sunnfjordbygdene på 1800-talet. Vi fortel også om planane for to bygningar vi skal opne i jubileumsåret 2026. Omvisinga tar ca. 1 time.
-Eldstova: Her kan du kverne korn med handkvern og gjere sjølvstyrte aktivitetar som veving og fletting. Her finn du også teiknesaker.
-Uteleikar i tunet
-Bygg deg ein leikebåt i tre: I resepsjonen i besøksbygget kan du låne ein verktøykasse med utstyr til å lage ein leikebåt. Arbeidsstasjon ligg nede ved vatnet (skilta)
Årets utstillarar på Handverk- og husflidsmessa 2025:
* Maren Erland (vev)
* Ruth Berit Garfoss (saft og krydder)
* Remi Arnesen (såper og lys)
* Oddlaug Fonn Skår (vev)
* Asbjørg Lotsberg (strikkeprodukt)
* Marianne Skadal (betongfigurar)
* Vilde Nena Aarseth (ung design)
* Bente Kleiva Stensaker (hekla ryer)
* Odd Grimsrud (trearbeid)
* Viktoria Sukhanik (smykker)
* Sonata Kerse (små gåver med vinylprint, barneklede, nøkkelringer mm)
* Lilya Trofimchuk (handlaga dokker, små smykker)
* May Elin Eikaas Bjerck (skinntrykkdesign på saueskinn)
* Mariann Ulltang Birkeland (keramikk)
* Ingrid Skinlo (trad. mønstervottar og strikka sokkar)
* Nina Skinlo (smykker av resirkulert sølv)
Advertisement
Where is it happening?
Jølstravegen 107, 6819 Førde, Norway, Jølstravegen 107, 6819 Førde, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays: