Miniretreat i Sogndal 13. september 11.00 - 15.00
Schedule
Sat, 13 Sep, 2025 at 11:00 am
UTC+02:00Location
Granden 43, 6856 Sogndalsfjøra, Norge | Førde, SF
Advertisement
Velkommen til eit mini - retreat med yoga, mindfulness og pustpraksis, gode samtalar og velvære!Eg ønskjer å invitere inn til eit rom og ei stund for deg sjølv og eit rom for å oppleve rause, opne og ærlege møter.
Ein plass du kan lande, kvile, ta i mot og fylle på med ny energi.
Eit rom der vi får vere mennesker saman – i sårbarheit og kraft.
Når me gjer dette saman som gruppe blir opplevinga å mykje sterkare. 🌹💕
Me startar dagen med yogaflyt som passar alle. Deretter vil du lære og praktisere enkle mindfulness-/og pusteteknikkar.
På denne mini-retreaten kan du slappe av, senke pulsen og nyte.
🌹PROGRAM
11.00 - 1230 Velkomst og yogaflyt som passar alle nivå
Refleksjon – og samtalesirkel
Pause
13.00 -15.00 Restorativ yoga med pust/breathwork og mindfulness praksis
Ein mild time med ulike øvelsar der me jobbar med nervesystemet og avspenning
Samtalesirkel/avslutning
Korleis få ein dagleg praksis?
Denne dagen får du tid til å kvile i hjertet og åpne rommet for varme følelser.
🌹Om Britt; yogalærar og meditasjon/mindfulness lærar.
Britt har heldt på i mange år med undervisning i yoga, arrangert yogaretreat, miniretreat, work shops i meditasjon, mindfulness, pust, barneyoga mm. Hennar store lidenskap er å formidle alt yoga har å by på – «vi har denne skattekista inni oss». Hennar undervisning er pedagogisk, varm og passar både nybegynnar og vidarekomne. Britt har også ein utdanning i meditasjon, pranayama/pust og hatha yoga som ho har tatt i India – eit land ho gjerne drar tilbake til kvart år for å lære meir. Den fyste yogalærarutdanninga tok ho i Thailand.
Med dette har ho samla ein djup forståelse for verktøya som er i yoga og ønske er å formidle yoga slik at ein får prøve og oppdage den gode virkninga yogaen har både på kropp og sinn.
Yoga er for alle! Å starte med yoga er som ei fantastisk reise!
Eit yoga-retreat handlar ikkje om prestasjon, men om friheita til å berre vere. Allereie frå det øyeblikket du bestemte deg for å dra, har du lagt av tid frå ein travel kvardag til deg sjølv og din eigenomsorg
🌹PRAKTISK INFO
Ta med yogamatte, niste, drikke og eit pledd. Ha på behagelege klede. Dersom du ikkje har eiga matte går det fint an å låne. Servering av lett pausemat (nøtter mm)
🌹PÅMELDING
SMS til 99539743
Pris kr. 350.- til vipps 99539743 merk med "Miniretreat 13.09".
Sted: Røde Kors Huset Sogndal, Granden 43
Varmt velkommen til deg!
🌹Tilbakemeldingar:
"Ho klarar å hjelpa meg å få frem det som er bra i livet mitt. Hjelper med å finna fred med fortida – eg får ein sterk følelse av takknemlegheit".
"Myk og behageleg, God stemme med eit fint tempo og intensitet"
"Britt du er så behageleg og trygg i instruktør rolla. Tydeleg, roleg og avslappande"
Instagram: haugbri
Facebook: Britt Veum Hauge
Advertisement
Where is it happening?
Granden 43, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Granden 43, 6856 Sogndalsfjøra, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays: