Daledagane 2025: 5.-8. Juni
Schedule
Thu, 05 Jun, 2025 at 03:00 pm to Sun, 08 Jun, 2025 at 06:00 pm
UTC+02:00Location
Dale Sentrum - Gatå | Voss, HO
Advertisement
Daledagane Mat & Kulturfest05. til 08. juni 2025
Daledagene er eit årleg kultur- og næringslivsarrangement for heile Vaksdal Kommune, og er lokalisert i Gatå på Dale.
Daledagane vert i 2025 arrangert for 38 gong!
Tradisjon er eit nøkkelord for gode Daledagar, og me har eit godt samarbeid og støttar opp under frivillige lag, organisasjonar og kulturlivet lokalt.
På Daledagane finn du eit vidt spekter med god mat med opprinnelse frå både inn og utland, mangfaldig underhaldning, konkurransar og kulturarrangement fleire dagar til endes, og ei Gatå proppfull med spanande salsboder med ulike varer og prøve moglegheiter.
Fullstendig program vert som vanleg publisert på vårparten 2025, så hugs å klikke interessert/skal på arrangementet og liker på FB sida vår, og følg med her på Facebooksida for oppdateringar.
Daledagane ynskjer bygdefolk og tilreisande gjestar hjarteleg velkomne til gode Daledagar 2025.
Sett av helga 05.06 - 08.06.2025 (ANDRE helga i juni, pinsehelga) og opplev eit yrande liv i Gatå på dei 38 Daledagane i 2025 .
VELKOMMEN, me gler oss til å sjå deg i Gatå!
Del gjerne dette arrangementet med dine venner. :)
UTSTILLAR / STANDS INFO / KULTURINNSLAG - Vil du delta med noko?
KONTAKTPERSON er:
Evy Kvamme
Mobil: 93645297
E-post: [email protected]
PÅMELDINGSSKJEMA UTSTILLAR / STANDS / KULTURINNSLAG:
Vil du/de delta med Stands, kulturinnslag e.l. så fyll ut påmeldingsskjema her, eller ta kontakt med Evy:
PÅMELDINGSSKJEMA STANDS / KULTUR:
https://forms.gle/63xLptSKCkwpKJh4A
OBS! Ved fordeling av standsplassar o.l. vert tidlig påmeldte/registrert interesse prioritert i forhold til kva plassering ein får i Gatå! Så det er ein fordel å melde seg på tidlig!
"Bynært bygdeliv" er visjonen til Vaksdal kommune, og Daledagane er eit godt døme på dette, der føremålet er å ta vare på, og utvikla det gode med bygda og kommunen.
Vaksdal kommune er ein viktig støttespelar for Daledagane!
Advertisement
Where is it happening?
Dale Sentrum - Gatå, Konsul Jebsensgata 4, 5722 Dalekvam, Norge,Vaksdal, Voss, NorwayEvent Location & Nearby Stays: