BORDET - Kunstnarsamtale med Holmen og Kranstad
Schedule
Sat Nov 01 2025 at 12:00 pm to 01:00 pm
UTC+01:00Location
Langebruvegen 9, 6800 Førde, Norway | Førde, SF
                  		Advertisement
                   		                   		 
                  	
                  
                                    
                  Vi markerer tildelinga av regionalt stipend frå Bildende kunstneres hjelpefond og inviterer til kunstnarsamtale! Kunstnarane Aud Marit Skarrebo Holmen og Håvard Kranstad mottok regionalt BKH-stipend for 2025. Felles for dei to kunstnarane er at dei er aktive i regionen og jobbar breidt med ulike kunstuttrykk.
Samtala blir leia av kunsthandverkar og leiar i NKVN Gro Gjengedal og er ein del av KSF sitt NK50-program.
Ope for alle. Gratis inngang.
Aud Marit Skarrebo Holmen kan vise til ein lang og solid kunstnarskap der ho heile tida finn nye vegar og utviklar nye arbeidsmåtar. Ord er sentrale i arbeida hennar, ho er oppteken av korleis ord får meining gjennom korleis dei framstår. Holmen har eit konseptuelt, eit poetisk og eit taktilt blikk med i utforminga av prosjekta sine. Fleire av verka involverer langsame prosessar.
Foto: "KAMPEN". Installasjon fra 2025. I samme bilde: installasjonen "DUK DAMASK", 2024.
Håvard Kranstad er ung og held eit fagmessig høgt nivå. Gjennom sitt engasjemnt for utvikling av eit fagmiljø for digital vev har han både fysisk og fagmessig ankerfeste i Sogn og Fjordane. Kranstad tematiserer skam i ein norsk kulturell kontekst. Han har utvikla ein praksis der industrielle vevteknikkar blir kombinert med handteikna motiv.
Foto: "Blomsterpiker", 2022. Fotograf: Tor Simen Ulstein. "Nidstang", 2023. Fotograf: Erik Sæter Jørgensen.
Gro Gjengedal er utdanna ved Kunst- og Designhøgskolen i Bergen med Bachelor Tekstil og Master Kunst. Med utgangspunkt i personlege tema og erfaringar utforskar ho individet si oppleving av og interaksjon med normer og reglar i samfunnet. Arbeida står gjerne i ei balanse mellom reint og ureint, ei subtil samhandling mellom ulike naturmaterial, mellom kroppen og omverda.
Regionale stipend frå Bildende Kunstneres Hjelpefond (BKH) har som føremål å styrke det regionale kunstfeltet knytt til kunstsentera si verksemd. Kunstsenter som er slutta til Kunstsentrene i Norge tildeler desse midlane. Stipenda skal stimulere kunstnarleg verksmed i Sogn og Fjordane, juryen har difor lagt vekt på at stipendmottakane har tilknyting til Sogn og Fjordane og at prosjekta skal gjennomførast her.
BORDET er ein møteplass for kunstnarar og andre interesserte. I uformelle møter med kunstnarpresentasjoner og andre aktuelle tema blir BORDET ei samtaleflate. Vi kjem med det vi har og legg det fram – rundt bordet, på bordet, ved bordet eller over bordet.
                    	 
                    	 Advertisement
                    	                    		 
                    
                  
                  Where is it happening?
Langebruvegen 9, 6800 Førde, Norway, Langebruvegen 9, 6800 Førde, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
 
								
									Know what’s Happening Next — before everyone else does. 
								
							







