Linda Eide & Frynsegodene: Pubkveld
Schedule
Fri, 31 Oct, 2025 at 08:30 pm to Sat, 01 Nov, 2025 at 01:00 am
UTC+01:00Location
Kong Beles veg 41, 6899 Balestrand, Norway | Førde, SF
Advertisement
Linda Eide & Frynsegodene kjem på besøk denne kvelden! Med dei i huset veit ingen kva som kan skje. Kanskje ikkje ein gong dei sjølve. Fredag 31. oktober
Inngang: 150,-
Dører: 20:30
Baren er open til kl. 01
Frynsegodene består av Kjersti Berge, Eli Versto, Tonje Fløystad og Christina Brunner, saman med Linda Eide. Med mottoet “lite for øret, mykje for humøret!” byr dei på lause latterband og garantert god stemning.
Ei full helgeoppleving
Laurdag 1. november, dagen etter, blir det språksjov med Linda Eide. Her kan du altså få ei full helgeoppleving. Dei ordinære billettane til sjovet er utselde, men vi held nokre plassar for overnattande gjestar. Ved å tinge rom kan du få reservert billett til laurdagens språksjov. Ta med deg ein ven, kjærast eller forelder, for ei helg med opplevingar, overnatting, god mat og hauststemning ved fjorden. Dette kan du gjere via heimesida vår, www.balestrand.com
Mat og opphald
Det er avgrensa mattilbod i bygda no som vi er utanom sesong, så her er alt lagt til rette på Balestrand Hotell. Både fredag og laurdag vil det bli servert middag frå Keipen Lokalmat. Middag kan tingast ved booking av rom eller ved å sende oss ein e-post på [email protected], om du ikkje skal overnatte.
Advertisement
Where is it happening?
Kong Beles veg 41, 6899 Balestrand, Norway, Kong Beles veg 41, 6899 Balestrand, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.











