Odd-Erik med band // Vesle Kinn
Schedule
Sat Nov 22 2025 at 08:00 pm to 09:30 pm
UTC+01:00Location
Vesle Kinn | Førde, SF
Advertisement
Odd-Erik Lothe feirar 30 år som artist i 2025 både med å gje ei rekkje konsertar og å sleppe eit nytt album. Laurdag 22. november kjem han og bandet Kveldsstell til Vesle Kinn. Med seg har han songar som ivrige konsertgjengarar og radiolyttarar i Sogn og Fjordane har festa til minnebøkene. Det starta med Jordbær og Grasbrann og bandet Fabel i 1995 og har etterkvart blitt 14 utgjevingar. I hovudsak på nordfjordmål og innan visesjangeren, men også med nokre sidesteg til rockabilly og humor. Denne kvelden får ein oppleve litt av alt og i tillegg bli kjend med nokre av låtane frå hans nye album – 14. Eit album som allereie innad i bransjen har blitt omtalt som bestenotering.Med seg til Vesle Kinn har han tre av dei mest erfarne musikarane han har jobba med opp igjennom åra; ein nydelig trio som fargelegg musikken og tekstane til Lothe på meisterlig vis:
Halvor Folgerø: Kontrabass
Jan Erik Reknes: Trompet
Åge Vaksdal: Trekkspel og tangentar
Billettslepp på søndag 3.08 kl. 20!
Advertisement
Where is it happening?
Vesle Kinn, Strandgata 23, 6905 Florø, Norge, Førde, NorwayEvent Location & Nearby Stays: