Bjørn Hatterud: Far levde, og så var han død

Schedule

Wed Oct 14 2026 at 07:00 pm to 08:30 pm

UTC+02:00
Location

Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norway | Trondheim, ST

Advertisement
"Du ska skrive om meg. Og du ska skrive om æill driten å!!"
I september kjem Bjørn Hatteruds nyaste bok. Han har skreve bok om far sin. Det er "ei bok om traktormekanikk, trekkspelmusikk, heimbrenning og umåla furu".
Landbruksmekanikaren Tor Hatterud kom frå generasjonar av praktiske menn, gard- og skogbrukarar og husmenn i Veldre i Ringsaker. Han skrudde alltid, hadde hender fulle av sår og merke, gjekk milevis på ski, snakka gamalmodig veldredialekt og viste kjærleik gjennom å vaske bil. Sonen Bjørn er alt anna enn nevenyttig. Han er ein homofil og funksjonshemma akademikar som jobbar i kulturfeltet i hovudstaden.
Kven var far til Bjørn? Og kva skjedde då faren døydde? Tor mista først kontroll over venstre foten. For første gong gjekk faren like sakte som den haltande sonen, og ein annleis samtale mellom far og son starta.
Noko av det siste Tor gjorde, var eit stort byggeprosjekt. Han glasa inn verandaen, laga eit lyst og luftig rom for sol og glede.
Dette er ei forteljing om ein far som var ein heilt vanleg mann, og om liv og død.
Litteraturhuset i Trondheim har invitert Bjørn Hatterud til samtale om den nye boka med forfattar Erlend Skjetne.
Bjørn Hatterud (1977) er forfattar, kurator, kritikar og skribent, som lagar støymusikk på si. Han er skeiv, funksjonshemma og klassereisande, og er særleg oppteken av motsetningspar som høg- og lågkultur, innanfor- og utanforskap, avvik og normalitet. Hatterud jobbar tverrfagleg i skjeringspunktet mellom kulturhistorie og kunst. Hatterud har eit solid forfattarskap bak seg og har hausta fleire prisar, medrekna Kritikerprisen, Bibliotekets litteraturpris og Fritt Ords pris.
Erlend Skjetne (1988) kjem frå Melhus og skriv bøker for både vaksne og ungdom. Han har hausta fleire prisar og nominasjonar for sitt forfattarskap; han har vore nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris og Kritikerprisen, og han har vorte tildelt NTNUs litteraturpris, Bokhandelens forfattarstipend og Brageprisen.
Sted: Kulturtorget, Trondheim Folkebibliotek
Fotokredit: Agnete Brun/Samlaget
Advertisement

Where is it happening?

Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norway, Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norge, Trondheim, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Litteraturhuset i Trondheim
Host or PublisherLitteraturhuset i Trondheim

Ask AI if this event suits you