Vildebjønns Selskap
Schedule
Sat, 28 Mar, 2026 at 03:00 pm
UTC+01:00Location
Gamlekinoen | Voss, HO
Advertisement
Vildebjønns Selskap er ein visetrio som spelar sjølvlaga musikk på norsk. Trioen følgjer i spora etter visetradisjonen frå 70-talet, men med eit talenært språk og element av jazz i form av skeive og vekslande taktarter, og overraskande akkordskjema.Medlemmane i trioen er Ingeborg Fjørtoft, Åsmund Erichsen og Erling Wold. All musikken er sjølvkomponert og all tekst er sjølvskriven.
Sidan trioen byrja å spele saman i januar 2024, har dei spelt jamlege konsertar i tillegg til å ha spelt på festivalar som Kongsberg Jazzfestival, Serendip og Ljøsblått.
Trioen utgjer ein stor del av Hersleb Visekollektiv som arrangerer månadlege, stappfulle visekveldar med føremål om å gjere den veksande visescena tilgjengeleg for alle som vil høyre.
Ingeborg Fjørtoft - vokal
Erling Wold - gitar, bouzouki, vokal
Åsmund Erichsen - gitar, mandolin, vokal
Foto: Antonios Dimitracopoulos
Advertisement
Where is it happening?
Gamlekinoen, Voss, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















