Røyster mellom to land

Schedule

Wed, 18 Mar, 2026 at 06:00 pm

UTC+01:00

Location

Galleri N. Bergslien | Voss, HO

Advertisement
Røyster mellom to land tek publikum med inn i eit rikt og sanseleg univers der arbeid, kvardag og store livsendringar glir over i kvarandre. Gjennom song, forteljing og levande historisk materiale møter me kvinner frå Vestlandet som, i hundreåret 1825–1925, valde – eller vart nøydde til – å forlate heimen og søkje eit nytt liv i Amerika.
Framsyninga vekslar mellom varme, humor og rå røyndom. Me får glimt av både det nære og det dramatiske: pakkelister sende frå Amerika, tronge lugarar, uver på havet, lange togreiser – og dei første møta med eit framandt kontinent.
I dette landskapet av arbeid, mot, frykt og von er det songen og forteljinga som bind alt saman. Musikken gjev stemme til det som ikkje alltid let seg seia, medan forteljingane dreg oss tett på livsvala, saknet og håpet. Gjennom heile framsyninga ligg òg spørsmålet om tilhøyrsle: Kvar høyrer me heime når livet har rive oss opp med rota?
Røyster mellom to land er ei varm og kraftfull konsertframsyning om val, draumar og uthald. Ho lyftar fram stemmer som ofte har stått i skuggen av dei store historiene – og let dei få klinga klårt, i eit rom som ber både tid, tru og menneskelege spor.
Framsyninga er ei vidareutvikling av podkasten Vågespel, lansert i 2025 i samband med utvandrarjubileet. Gjennom ti episodar fylgjer me norske kvinner frå Vestlandet som utvandra til Amerika mellom 1825 og 1925. Brev, dagbøker og munnlege forteljingar vert fletta saman med historiske kjelder og nykomponert musikk.
Medverkande
Reidun Horvei – manusutvikling, song og forteljing
Johanne Øvstebø Tvedten – forteljing
Inger-Kristine Riber – manusutvikling, komponist og piano
Katherine Jane Hanson - manusutvikling
Gunnstein Akselberg - innleiing
Arrangør: Eidfjord Sogelag, Eidfjord Offentlege Bibliotek og KulturFjorden/Onen Studio
Advertisement

Where is it happening?

Galleri N. Bergslien, Ostangvegen 6, 5783 Eidfjord, Norge, Voss, Norway

Event Location & Nearby Stays:

Icon
Know what’s Happening Next — before everyone else does.
Duo Riber Horvei

Host or Publisher Duo Riber Horvei

Ask AI if this event suits you:

Discover More Events in Voss

Hardangerfjorden under press
Thu, 19 Mar at 06:00 pm Hardangerfjorden under press

Hardanger fartøyvernsenter

Ei verdsomsegling under havet \/\/ Teater Vestland
Thu, 19 Mar at 06:00 pm Ei verdsomsegling under havet // Teater Vestland

Øyraplassen 14, 6887 Lærdalsøyri, Norway

Hallingpr\u00f8va 2026
Fri, 20 Mar at 08:00 am Hallingprøva 2026

Geilo Hotel

KORHELG KRAFT - GOSPEL - KORFELLESKAP
Fri, 20 Mar at 05:00 pm KORHELG KRAFT - GOSPEL - KORFELLESKAP

Norheimsund

CONCERTS MUSIC
Afterwork musikkbingo
Fri, 20 Mar at 05:00 pm Afterwork musikkbingo

kyrkjevegen 8, Geilo

EASTER BINGO
Filmklubb: Christy
Tue, 10 Mar at 07:30 pm Filmklubb: Christy

Kvam kino

ENTERTAINMENT
Finn Tokvam \/\/ Velkomen
Thu, 12 Mar at 07:00 pm Finn Tokvam // Velkomen

Gamlekinoen

Alice i Draumeland
Fri, 13 Mar at 05:30 pm Alice i Draumeland

Holmane 20, 5610 Øystese, Norge

Filmklubb: Modus Vivendi m\/Sandra Jecmenica
Tue, 17 Mar at 07:30 pm Filmklubb: Modus Vivendi m/Sandra Jecmenica

Kvam kino

Ei verdsomsegling under havet - Teater Vestland
Wed, 18 Mar at 06:00 pm Ei verdsomsegling under havet - Teater Vestland

Skogly

R\u00f8yster mellom to land
Wed, 18 Mar at 06:00 pm Røyster mellom to land

Galleri N. Bergslien

MUSIC ENTERTAINMENT
Ei verdsomsegling under havet \/\/ Teater Vestland
Thu, 19 Mar at 06:00 pm Ei verdsomsegling under havet // Teater Vestland

Øyraplassen 14, 6887 Lærdalsøyri, Norway

FAST SOM FJELL - p\u00e5skekonsert
Thu, 26 Mar at 07:00 pm FAST SOM FJELL - påskekonsert

Norheimsund kyrkje

Vossa Jazz 2026
Fri, 27 Mar at 12:00 pm Vossa Jazz 2026

Vangsgata 6, 5700 Vossavangen, Norway

MUSIC ENTERTAINMENT
Skarvebarnas musikaler presenterer \/\/ CHARLIE OG SJOKOLADEFABRIKKEN
Fri, 27 Mar at 06:00 pm Skarvebarnas musikaler presenterer // CHARLIE OG SJOKOLADEFABRIKKEN

Lienvegen 69, 3580 Geilo, Norway

Isbit
Sat, 28 Mar at 09:30 pm Isbit

Ungdomshallen Voss Ul

MUSIC ENTERTAINMENT
Naustlandet: Forfattarm\u00f8te med Eva R\u00f8yrane
Tue, 14 Apr at 07:00 pm Naustlandet: Forfattarmøte med Eva Røyrane

Haugesenteret

Familieframsyning\/\/ Janne og Muskat- begrensa antal billettar
Sat, 18 Apr at 01:00 pm Familieframsyning// Janne og Muskat- begrensa antal billettar

Evangervegen 6, 5700 Vossavangen, Norway

Hj\u00f8rnevik & Iversen @Vikjahalli
Sat, 18 Apr at 09:00 pm Hjørnevik & Iversen @Vikjahalli

Sentrumsgata 72, 6893 Vik i Sogn, Norge

Kompani Linges maritime spesialoperasjoner
Thu, 07 May at 06:00 pm Kompani Linges maritime spesialoperasjoner

Hardanger fartøyvernsenter

What's Happening Next in Voss?

Discover Voss Events