Kulturvandring med Eirik Helleve
Schedule
Sat Mar 28 2026 at 01:00 pm to 02:30 pm
UTC+01:00Location
Voss Stasjon | Voss, HO
Advertisement
KULTURVANDRING med Eirik HelleveTradisjonen er tilbake - bli kjend med gamle Voss!
På denne vandringa gjennom Vangen får du små og store drypp frå den lokale historia. Du får mellom anna høyra om kor viktig jernbanen var, om den best kjende vossingen som har levd, om korleis bygda hadde eit stort alkoholproblem midt på 1800-talet, og om korleis Vangen vart oppattbygd etter krigen.
Turleiar er Eirik Helleve, som er styrar ved Voss folkemuseum og som i 2021 var redaktør for boka Vandringar på Vangen.
- Oppmøte: Gondolbygget, oppe på togperrongen.
- Slutt: Tinghuset/Gamlekinoen
Dette arrangementet får du med deg dersom du har enkeltbillett, festivalpass eller dagspass laurdag. Plassbillett er ikkje nødvendig for å delta.
Legg merke til at vandringa er ferdig kl 14:30, i passande tid til å gå på konserten med Vildebjønns Selskap, Gamlekinoen klokka 15:00! Vildebjønns Selskap – Vossa Jazz
Foto: Voss folkemuseum
Advertisement
Where is it happening?
Voss Stasjon, Evangervegen 9, 5700 Voss, Norge, Voss, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.











