Henriette Eilertsen Trio
Schedule
Fri, 27 Mar, 2026 at 08:30 pm
UTC+01:00Location
Vangskyrkja | Voss, HO
Advertisement
Henriette Eilertsen har dei siste åra markert seg som ei innovativ stemme på den norske jazzscena. Med ei leiken tilnærming til jazzfløyta rører ho seg smidig mellom kontemporær jazz, improvisasjon og kammermusikalske uttrykk. I 2024 fekk ho den prestisjetunge musikarprisen på Kongsberg Jazzfestival for å vere eit friskt tilskot til den norske jazzscena. I Henriette Eilertsen Trio har ho med seg cellisten Joel Ring og trommeslagar Øystein Aarnes Vik. Musikken er ekspressiv og suggererande, inspirert av jazz, folkemusikk og eksperimentelle klangar. Med djupt forankra samspel skapar dei musikk som rører, overraskar og inspirerer.
Henriette Eilertsen - tverrfløyte
Joel Ring - cello
Øystein Aarnes Vik - trommer
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
Advertisement
Where is it happening?
Vangskyrkja, Bergsliplassen 1,Voss, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















