Trio Lærdal spelar Kari Bakke
Schedule
Mon, 04 May, 2026 at 07:00 pm
UTC+02:00Location
Øyraplassen 14, 6887 Lærdalsøyri, Norway | Voss, HO
Advertisement
Trio Lærdal har gjeve seg i kast med enno fleire av Kari Bakke sine sterke og stemningsfulle dikt frå samlinga Fetang – mennesje so mærkte me (1984), som ho skreiv på lærdalsmål. Det vert minst fire urpremierar denne kvelden, i tillegg til dikta dei har spelt i nokre år allereie. Dikta i Fetang gjev oss små vindauge inn i slik livet var i ei anna tid her i Lærdal. Levande skildringar som kan vera både kraftfulle og vare, men óg med mykje humor. I tillegg vil de få høyra flott folkemusikk frå Lærdal og omegn.
Trioen består av Tom Karlsrud på trekkspel, Liv Ulvik på vokal og Gudmund Bolstad Skjær på gitar.
Konserten er støtta av Norsk Kulturråd og Lærdal kommune.
Billettar kan kjøpast på Ticketco eller i døra.
Billettpris: 275,-/170,-
Hjarteleg velkomne!
Advertisement
Where is it happening?
Øyraplassen 14, 6887 Lærdalsøyri, Norway, Øyraplassen 14, 6887 Lærdalsøyri, Norge, Voss, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.


















