Ale Möller & Bruce Molsky på Osascena
Schedule
Wed May 06 2026 at 07:00 pm to 08:30 pm
UTC+02:00Location
Ole Bull Akademiet | Voss, HO
Advertisement
Legendariske Ale Möller og Bruce Molsky kjem til Voss og Osascena! Dei to har spelt saman i ulike konstellasjonar i ei årrekke. No er dei aktuelle med plata "Bruce´s Halling".Bruce Molsky er ein av dei fremste ambassadørane for den gamle tradisjonsmusikken frå bergtraktene i det som kallast Appalachia – innlandsområdet aust i USA som strekkjer seg frå New York i nord til Alabama i sør. Når han ikkje reiser verda rundt med fele, banjo og gitar, arbeider han som gjesteprofessor ved Berklee College of Music i Boston, innan fagfeltet amerikansk roots-musikk. Han har gjeve ut sju soloalbum og ei rekke samarbeidsplater, og han har mellom anna spelt med artistar som Linda Ronstadt, Mark Knopfler, Bill Frisell og Jerry Douglas.
Ale Möller er ei levande legende i den nordiske folkemusikkverda. Han er ein stadig like nyfiken multimusikant, som blandar musikk frå alle verdshjørner. Han var tidleg i front med å nytte andre instrument enn dei tradisjonelle til folkemusikk, ikkje minst i samspel, og trakterer alt frå trekkspel og mandola til mange slag blåseinstrument. Han har spelt saman med dei fleste, mellom anna vår eigen Gunnar Stubseid på hardingfele.
Dette er to briljante solistar som tidlegare har spelt saman i ulike konstellasjonar, og som no er plateaktuelle med «Bruce’s Halling» og turnerer i Skandinavia i det høvet.
Mingling og bar frå kl 18.00
Konsertstart 19.00
Billettar: 250,-/150,- i sal på TicketCo
Støtta av Kulturdirektoratet
Advertisement
Where is it happening?
Ole Bull Akademiet, Strengjarhaugen 6,Voss, NorwayEvent Location & Nearby Stays:
Know what’s Happening Next — before everyone else does.



















